TILBAKE

Krasp Sør
   TA KONTAKT   

Krasp Sør

KRASP/S er KRinsASPirantkoret for dei som går i 6.-8. klasse og bur på Søre og Ytre Sunnmøre. Koret samlast 4 gonger kvart skuleår. Koret har ca. 85 medlemmer.

Vi syng mykje i lag når det er øvingshelg. Dag-Inge er dirigent, og Gunvor og Margrethe skiftar om å bruke pianokrakken.

Alle bibeltimane dette skuleåret handlar om MOSES. I november skal vi høyre korleis det gjekk då han kom tilbake til Egypt og bad Farao om lov til å føre Israelsfolket heimatt til landet sitt.

KRASP har misjonsprosjekt òg. Dette skuleåret satsar vi på Darhan i Mongolia. Der bur også Margunn og Ingar Eide og borna deira Marte og Elias. Dei er vår misjonærfamilie dette året.

Det er omtrent heilt fullt i KRASP/S, men dersom nokon av dei gamle medlemmene sluttar, vil det bli plass til nye medlemmer. Nye som vil vere med, må ringe tlf.nr. 70 17 44 00 eller bruke e-postadr. sogrnlmno når dei vil melde seg på.

Hovudleiar Ole (Audun Os) og dei som er leiarar saman med han ønskjer nye medlemmer velkomne!

Kontaktinformasjon
E-POST
sogrnlmno
 
TELEFON
70 17 44 00
 
TELEFAX
70 17 44 10
BESØKSADRESSE
Myrabakken Næringssenter, Spjelkavik
 
POSTADRESSE
Postboks 7503 Spjelkavik
6022 ÅLESUND