Tvungen til verdas ende

Anasaya og bygda. Foto: Tore Bjørsvik

På tur til Anasaya i Crucero med pastor "Gabino" – ei reiseskildring av Ingebjørg Martinussen og resten av TEFT-teamet i Sør-Amerika.

«Hæ? Kva seier du?».

Grusvegen er gamal og holete. Det rister i heile bilen, og det er vanskeleg å høyre kva sjåføren (altså stedlig representant) fortel om det vi ser rundt oss.

Plutseleg stoppar vi, og den lokale «hermanoen» skal vise vegen vidare. Eg må fint flytte meg bak, der det allereie sit tre stykk.

 

Vegen til Anasaya. Ikkje akkurat ein motorveg.

   

Der ingen skulle tru

Vi kjørar vidare på grusvegen, for så å ta av på ein enda verre grusveg. Deretter peikar «hermanoen» ut i marka – Der skal vi kjøre. Og det gjer vi.

Etter 10 minutt på «vegen» oppover fjellsida, utan å sjå verken hus, dyr eller menneske, stoppar vi. Mellom dei høge fjella, på 4500 moh., ligg det ei lita bygd med brune hus, og eit grønrosa bygg.

Kan det verkeleg bu folk her oppe? Og ikkje minst – er det verkeleg ei kyrkje her?

 

Lokalbuande utanfor kirka i Anasaya. Foto: Tore Bjørsvik

  

Rik i Kristus

Det einaste bygget som har farge er kyrkja. Inni er det pynta med glitter og glam. «Hermanoen» som viste oss vegen, leier også møtet, møtet som dei har berre fordi dei norske «hermanos missioneros» har kome på besøk.

Vi syng litt på quecha, og misjonær Tore deler nokre vers frå Bibelen. Ein anna «hermano» stiller seg fram. Ein kan sjå at det avgrensa moglegheit for dagleg dusj, og hendene vitnar om eit liv i hardt arbeid. Han ser på oss, og smiler.

«Det er så stort at vi har fått evangeliet også i denne bygda!».

«Hermanoen» som tilsynelatane ikkje eig så mykje, er rik. Han er satt fri frå det som har bunde han, og han har eit evig liv i vente.

  

Song av TeFT-teamet. Foto: Tore Bjørsvik

    

Takkar for misjonærane

Me får også lov å vitne. Me stiller oss fram og syng «Salige Visshet» på spansk. Det er første gong vi syng på denne høgda, og at det blir meir hjarta enn stemma som syng, gjer ingenting! All rein song, er fin song, i alle fall her oppe.

«Hermanoen» som viste oss vegen, stillar seg fram for å avslutte samlinga. Han er fylt med takksemd til Gud, og til dei første misjonærane som kom frå Norge, til denne fjellbygda.

Med tårer i augekroken startar han å takke og be, medan han nemner dei norske misjonærane på namn. Eg kjenner att fleire namn, og veit at det er nesten 20 år sidan dei har vore der. Deira gjerning i Guds rike har sete spor. Han takkar vidare for at dei var villige til å gå – til verdas ende.

 

«For Kristi kjærleik tvingar oss …» (2.kor 5, 14). Den heilage uroa i hjarta om at menneske går fortapt utan Jesus, tvang dei første misjonærane til å gå. Vi har gått inn i eit nytt år. Eit nytt nådeår, eit nytt misjonsår. Kven kan du gå til i dag?


Stedlig representant

Stedlig representant

Sør-Amerika

+51 958 346 896

Misjonærblogger

Today's Quote

Sal 43:3 Send ditt lys og din sannhet, la dem lede meg! La dem føre meg til ditt hellige berg og til dine boliger.

Share


This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.