> Gjenbruk / Nyheter / Gjenbruksbutikken i Ålesund nyåpna



Gjenbruksbutikken i Ålesund nyåpna

Flott åpningsdag for gjenbruksbutikken i Ålesund, som opna dørene i nye lokale 29.oktober. 

Ved opninga tok butikkleiar Gabriel Ølstørn imot blomster til dei frivillige som har lagt ned ein utruleg flott sinnsats.  Det var dagleg leiar i NLM Gjenbruk Bjarte Rydland som overrekte takk og blomster.  Han rosa innsatsen og den flotte butikken. Vidare overrekte han blomster til den ferske ordføraren i Ålesund - Eva Vinje Aurdal som takk for det gode samarbeidet med Ålesund kommune.  Ho røpa i talen sin ved snorklippinga at ho sjølv er ein ivrig kunde i gjenbruksbutikken. 

Det ein jamn straum med folk, som kom innom for å kjøpe, snakke og få seg kaffi og feire opninga med marsipankake. Gjenbruksbutikken flytta frå dei tidlegare lokala på Lerstad, til nye lokale i Brusdalsvegen 216 i Fremmerholen - berre to minutt med bil frå Moa.  Gjenbruksbutikkan er med å bidrar til NLM sitt diakonale arbeid, og er difor ein viktig del av det økonomiske bæregrunnlaget til NLM. 


Dagens bibelsitat

Ord 3:3 La ikke kjærlighet og trofasthet vike fra deg, bind dem om din hals og skriv dem på ditt hjertes tavle!

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.