Silje Måseide <iTroSPAMFILTER@nlm.no>
23. desember 2011
Norea Mediemisjon satsar stort i jula. Dei aukar antal sendingar på nettstaden iKirken.no frå fire i veka til heile 84.
«I jula har mange fri, og dei aller fleste i vår målgruppe er mykje på nett. Difor vil vi gjere noko ekstra for at iKirken.no skal bli kjent og nå flest mulig med verdas beste bodskap,» uttalar dagleg leiar i iKirken.no, Per Byrknes, i ei pressemelding frå Norea Mediemisjon.
iKirken.no hadde si første sending 5.september i haust. Norea Mediemisjon står bak, og bidragsytarar i sendingane er ulike forsamlingar som Norea samarbeider med i Norge, samt amerikanske LifeChurch.tv, som konseptet iKirken.no er henta frå, heiter det vidare i pressemeldinga.
Julesendingane varar i om lag 30 minutt, og inneheld tale av Thore Søvik, ungdomspastor i Lyngdal Frikirke, og lovsong frå Pinsekirken Tabernaklet i Bergen sitt band «Radiate».
– Jesus er gåva som blei gjeve oss den eine gongen, men som fortsetter å gje. Han vil fylle hola i hjarta våre. Det kan ikkje ting, presanger og kos gjere, seier Thore Søvik i talen «Julegaven som gir mer», som går annankvar time frå midnatt denne veka. Neste veke talar same talar over temaet «Julegaven som forandrer alt».
Norea melder vidare at talen denne veka kan sjåast når som helst på iKirken.no. Sendingane i sin heilskap, med programleiar Solveig Konstanse Algrøy, kan sjåast klokka. 00.00, 02.00, 04.00, 06.00, 08.00, 10.00, 11.30., 14.00, 16.00, 18.00, 20.00 og 21.30.