> iTro / Påfyll / Spørsmål & Svar / Hvor går grensen?



Hvor går grensen?

Hvor langt kan man gå før ekteskapet sammen med kjæresten sin, sier Bibelen noe om dette?

I et forhold må man sette grenser. Hvor langt kan man gå før ekteskapet sammen med kjæresten sin, sier Bibelen noe om dette?

Eg hugsar at eg for nokre år sidan las noko om dette med grensesetting i kjærasteforhold i ei lita brosjyre. Der stod det noko slikt som: «Eit godt tips er å ikkje ta på kvarandre der bikinien eller badebuksa dekkjer.»

Eg hugsar at eg tenkte at det var no frykteleg gammaldags og traust skrive! Men no i ettertid har det gått meir og meir opp for meg at det er nettopp slike konkrete tips me ungdomar treng for å greie å halde dei grensene me ønskjer å ha når det gjeld dette med seksualitet.

"Det tek mykje meir tid og krefter å kome nær kvarandre på det psykiske plan enn på det fysiske"

Du seier: «I eit forhold må ein setje grenser», og så spør du: «Kor langt kan ein gå før ekteskapet saman med kjærasten sin?» Eg trur mange er einige i at ein må setje grenser i eit kjærasteforhold, men at ein ofte ønskjer å få strekkje dei så langt som mogeleg, utan å bryte ekteskapet. Då meiner eg at ein har byrja i feil ende. 
Det tek mykje meir tid og krefter å kome nær kvarandre på det psykiske plan enn på det fysiske. Difor er det så viktig å ta nok tid til å bli kjend med kvarandre sin måte å vere på, tenkjemåte, kjensleliv, reaksjonsmåtar og meiningar. Om ein ikkje kjenner kvarandre på desse områda, er eg redd det vil slite på forholdet seinare.

I dag er det vanleg å høyre utsegn som: «Me må sjå om me passar saman seksuelt før me giftar oss.» Dette har eg vanskeleg for å forstå, då Gud har skapt oss til mann og kvinne, til å høyre saman. Men han har skapt mange menn og kvinner, og det er kanskje ikkje alle som passar saman på andre måtar! 
Bibelen seier ikkje så mykje om verken badebukse eller bikini, men her er likevel fleire vers som seier noko om at det skal vere ei grense for kor langt ein kan gå før ein er gift: 
«Lat alle halda ekteskapet i ære, og hald ektesenga usmitta! For Gud skal døma dei som driv hor og bryt ekteskapet.» (Heb 13:4)

"Det er fint og godt å få kjærteikn og gje kjærteikn, og det er lov å kjenne på dei gode kjenslene" 

«For dette er Guds vilje, dykkar helging: Hald dykk frå hor. Kvar av dykk må vita å vinna sin eigen ektemake i heilagdom og ære, ikkje i sanseleg lyst slik som heidningane, dei som ikkje kjenner Gud.» (1 Tess 4,3-5) 
I Rom 13,14 står det: «Men kle dykk i Herren Jesus Kristus. Og ha ikkje slik omsut for kjøtet at det vekkjer lyst!» Eg trur det kanskje her mest snakk om korleis ein kler seg og framhevar kroppen sin, og at ein ikkje skal bruke mykje tid og pengar på det som kristen.

Men dette verset kan òg hjelpe oss i forhold til grensesetting: Som kjærast må ikkje du oppføre deg på ein måte som gjer at det vekkjer lyst hjå kjærasten din. For eksempel: Om du er jente, så må du ikkje ta av deg genseren, og om du er gut så må du ikkje ta jenta under genseren. Då gjer du det berre vanskeleg for den andre parten. 
Det kjem ikkje klårt fram i spørsmålet ditt om du er i eit forhold no, men eg har likevel lyst å ønskje deg lukke til! Det er fint og godt å få kjærteikn og gje kjærteikn, og det er lov å kjenne på dei gode kjenslene. Men om du kjenner at kjenslene ikkje er gode lengre fordi du har dårleg samvit for noko, då er det gjerne eit tips om at de har gått for langt. 
Og du, bruk Bibelen til ei rettesnor og i denne delen av livet!

Ill.foto: Oberazzi on flickr.com

Lurer du på noe? Flere Spørsmål & Svar finner du under Påfyll.

Vil du sende inn et spørsmål gjør du det under Kontakt Oss.


Dagens bibelsitat

Gal 6:7 Far ikke vill! Gud lar seg ikke spotte! Det et menneske sår, det skal han også høste.

Sitat på SMS

Meld deg på

Del