> NLM ung / Nyheter / Du kan gje ei gåve til utdanning for...



Du kan gje ei gåve til utdanning for kvinner i Indonesia på Giving Tuesday

Tysdag 27. november er det Giving Tuesday, som er ein motreaksjon mot Black Friday.

Giving Tuesday er eit internasjonalt fenomen som starta i USA i 2012. Det starta som ein reaksjon mot kjøpepresset mange kjente på i forbindelse med Black Friday – og den dårlege samvittigheten folk fekk etter å ha brukt mykje pengar på seg sjølv.

   

NLM/NLM ung har oppretta eiga side på bidra.no ifm. Giving Tuesday. Sjekk bidra.no/givingtuesday/nlm 

   

Nå også i Norge

I fjor var fyrste året norske organisasjonar var med på Giving Tuesday. I år er det 13 organisasjonar som er med på den nasjonale satsinga, også mange misjonsorganisasjonar.

I Norge er det Norges Innsamlingsråd som koordinerer dette, men alle som ynskjer det kan vere med og skape fokus rundt sine prosjekter og innsamlingar i forbindelse med denne dagen.

    

Bloggere er med

− Eg heier på alle initiativ som setter søkelys på å samle inn til gode føremål, og Giving Tuesday er eit slikt, seier markeds- og innsamlingsleier i NLM, Grete Haukelid.

− Det er spanande at Giving Tuesday også har komt til Norge, og eg syns det er interessant at flere av våre søsterorganisasjoner bruker bloggere og YouTubere.

Den store aksjonsdagen er 27. november. Då blir det både små og store markeringer, i Norge og internasjonalt.

I følge facebooksida for Giving Tuesday, vil det mellom anna arrangeres meet-ups med bloggarar som har vært på turar med ulike organisasjoner for å sjå arbeidet.

   

Siembra utdanner kvinner i Indonesia

NLM har ikkje enda involvert seg på samme nivå som dei 13 organisasjonene som er med på den nasjonale satsinga, men har oppretta ei side på bidra.no der det går an å lage og støtte prosjekt knytta til Siembra.

Haukelid oppfordrar iTros lesarar til å støtte dette initiativet:

− Eg trur at me alle kan ha godt av å løfte blikket litt og bli kjent med korleis andre, på andre sida av verden, lever. Prosjektet me har valgt å løfte fram på Giving Tuesday handler om utdanning for kvinner i Indonesia.

    


Dagens bibelsitat

Heb 13:8 Jesus Kristus er i går og i dag den samme, ja, til evig tid.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.