> NLM / Internasjonalt / Bolivia / Nyheter / Men noko fall i god jord og gav...
Malvin Ommedal <famommedalSPAMFILTER@hotmail.com>
Tilbake i Bolivia ynskte eg å reise tilbake til Tinguipaya for å sjå resultata av det vi dreiv med gjennom Tinguipaya Integrerte Bygdeutviklingsprogram (PRODECIT) i åra 1989-2006.
(kortare utdrag av denne artikkelen er trykt i Utsyn 02/2012)
Orda ovanfor er henta frå Bibelen. Det skulle illustrere noko som Jesus prøvde å fortelje læresveinane, nemleg om Himmelen. Men setninga gjev minst like mykje meining når vi anvender den utan tolking og meir direkte på utviklingsarbeid. Vi er opptekne at det vi driv med skal lukkast. Jesus ynskjer også at Guds Ord skal gje resultat, grøde, men det skjer ikkje alltid. Skal vi vere meir kravstore overfor utviklingsprosjekt vi er med på å setje i gang, drive og avslutte, enn resultatet av det Ordet Gud har bedd oss om å så? Hadde alt som har vorte sådd gjeve vekst, vil mykje sett annleis ut.
Tilbake i Bolivia for ny periode var eit av mine fyrste ynskjer å reise tilbake til Tinguipaya, der vi har budd og arbeidd ganske mange år, for å sjå resultata av det vi dreiv med gjennom Tinguipaya Integrerte Bygdeutviklingsprogram (PRODECIT) i åra 1989 - 2006. Det kan vere nyttig å lære av det vi har drive med tidlegare no når ein skal arbeide som tilretteleggar av nye prosjekt i forhold til den nasjonale kyrkja ICEL (Den Kristene Evangeliske Lutherske Kyrkja). ICEL har nemleg oppretta ei prosjektavdeling.
PRODECIT, som NLM dreiv, var gjennom fleire eksterne evalueringar medan det var i drift, evalueringar som var med og gav oss peikepinnar for vegen vidare. Og eg meinar måten prosjektet vart drive på og den deltakande demokratiske prosessen vi hadde spesielt innad blant personalet, var av det gode. Eg har allereie fått møte igjen nokre av dei som arbeidde i prosjektet, og det gjev ei god kjensle. Det var også kjekt å kome tilbake til Tinguipaya og møte både kommunale autoritatar men også folk ute i bygdene som kjende godt til både vi få personane som var reisefølge (fordi vi har arbeidd i prosjektet i si tid), men også høyre det gode ryktet som misjonen har i kommunen. Ein i reisefølget snappa opp følgande kommentar frå ein bonde: “Misjonen har ikkje berre drive prosjekt og oppfølging her, men har også no kome attende etter mange år for å sjå korleis det går, medan mange andre organisasjonar ikkje viser seg meir når prosjekta er avslutta”. Misjonen har sett spor etter seg i Tinguipaya. Noko gav grøde. Takka kan vi rette til Han som gav oss kallet, men også du som har stått bak som misjonsven i Noreg.
Det er likevel no ein kan sjå langvarige verknadar av det vi dreiv med blant det folket vi var sett til å tene. Det er det vi kallar bærekraft. Når ein er midt oppe i eit prosjekt må ein heile tida ta valg ut i frå den kunnskapen og dei erfaringane ein har hausta til den tid og det ein reknar med vil gje gode resultat. No 5 år etter at dei siste prosjekta i PRODECIT vart avslutta har ein høve til å vere etterpåklok, men og ta med lærdom vidare. Som konklusjon kan vi seie at det ikkje var alt som var like vellukka, noko som heller ikkje er realistisk, sjølv om det er ynskjeleg. Men vi kan seie at der er også dømer på prosjekt og resultat som er ganske positive. Og hvis vi samanliknar oss med andre organisasjonar og den ressursbruken dei brukar for å drive tilsvarande prosjekt, så kan vi seie at PRODECIT var eit effektivt prosjekt. Ein har i alle deler av arbeidet vore seg bevisste at landsbyfolket ytte sin del i lokale materialar og ved betaling av delar av innkjøpte innsatsmaterialar og dyr.
Migrasjonen frå bygdene i Tinguipaya kommune og til byane, og då spesielt til Potosi by, har gjort eit kraftigt innhogg i bærekrafta av prosjekta i bygdene. Gruvedrifta i Potosi har blomstra opp etter at mineralprisane har stige kraftigt, det har vore nemnd opp til 13 gongar på til dømes tinn. Vi merkar migrasjonen godt i forsamlingane i Tinguipaya der kyrkjene, som er ei frukt av NLM sitt arbeid, er på stadiet kvil eller har tilbakegang. Det positive er jo at forsamlingsarbeidet veks godt i Potosi by. Dei kristne frå Tinguipaya som har migrert til Potosi har danna ny og eiga veksande quechua talande forsamling i nedre del av Potosi by, og der er god kontakt mellom dei gamle og nye medlemane i Potosi i den lutherske kyrkja. Nye cellegrupper er også i godt i gjenge.
PRODECIT hadde mange forskjellige avdelingar/komponentar, nokre av dei kom til etter kvart medan andre vart avslutta før prosjektet vart avslutta. Bortsett frå det evangeliske arbeidet, som i dag vert drive av ICEL kan vi oppsummere følgande når det gjeld dei forskjellige komponentane som var i PRODECIT:
Helse:
Frå fyrste stund var helsedelen integrert i fylkeshelsevesenet sitt arbeid. Og dette arbeidet var det fyrste som i sin heilskap vart overlete til fylkeshelsevesenet. Klinnikken i hovudlandsbyen Tinguipaya vart pussa opp og utstyrt. 5 helsepostar vart bygde og utstyrt frå PRODECIT si side. På grunn av endra bustadmønster vert nok i alle fall 1 av helsepostane stengd snart og hjelpepleiar og utstyr flytta til ein annan plass i kommunen der det er bygd ny helsepost. Den tidlegare klinikken i Tinguipaya er ikkje i bruk sidan ny klinikk med betre plass er bygd nokre hundre meter vekke, der er personalet no.
Landbruk:
Husflid:
Dette var den siste komponenten PRODECIT starta opp med. Poenget var å få meirverdi av ulla for folk på bygda ved at dei kunne produsere og selgje husflidprodukt. Arbeidet vart hovudsakleg konsentrert i 3 landsbyar med sine grender rundt ikring. Ein fekk i stand ein butikk i Potosi by i samarbeid med ein husflidorganisasjon som eksisterte frå før. Det har vore sal til utlandet også. Inntektene av husflidprodukt har betydd mykje for folk i desse landsbyane. Husflidarbeidet i bygdene går sin gang i dag også og produkta vert selde. Aktiviteten varierer litt frå plass til plass og migrasjonen har hatt sitt innhogg her også. Samtidig har ein annan organisasjon kome inn med strikkemaskiner i tilknyting eit av sentra, noko som har innebore ny aktivitet.
Vatn:
Drikkevatn komponenten er den delen av prosjektet som har hatt størst nedslag i kommunen, og har også budsjettmessigt vore den største. 140 drikkevatn system vart innstallerte i kommunen, dvs. i nesten alle landsbyane. I alle landsbyar der drikkevatn vart innstallert vart det organiserte vatnkomiteer som skulle ta seg av drift og vedlikehald. Desse komiteane fungerar i varierande grad i dag. Målgruppa har gjort mindre vedlikehald som ordning av vatnrøyr som har gått sunde eller skifting av vatnkranar osv. Men når det gjeld større utskiftingar av røyrleidningar i større skala ventar dei gjerne på hjelp frå kommunen eller evt andre institusjonar. Drikkevatn er elementert for å leve, og takka vere lokalt vedlikehald fungerer rundt 60 % av drikkevatninnstallasjonane som PRODECIT bygde, medan ca 20 % fungerer meir eller mindre. Nokre av dei resterande 20 % har kommunen eller andre skifta ut deler eller heile drikkevatnsystem. Kommunen har i dag ein heilt annan økonomi enn då PRODECIT var på det mest aktive og har dermed høve å ta på seg mange oppgåver for sine innbyggarar. Bygging av familieutedo saman med sanitærundervisning var også ein del av opplegget der ein innstallerte drikkevatn. Bruken av dei i dag varierer.
Undervisning:
Undervisningsdelen var delt i 2: 1)Opplæring av vaksne analfabetar i lese- og skrivekunsten (alfabetisering) og 2) Bygging og drift av internat i hovudlandsbyen Tinguipaya slik at barn og ungdom frå bygdene der det er småskule, kunne ha ein plass å bu i hovudlandsbyen for å kunne gå viadare til ungdomsskule og vidaregåande. Ser ein litt kaldt på det har sannsynlegvis både alfabetiseringa og internatet medverka til migrasjon av nye generasjonar frå landsbygda til byane, og då spesielt dei flinkaste med best evner. Lese- og skriveopplæring og vidaregåande skule har nok opna opp augene og sinnet for verda utanfor, og gjeve von om ei betre framtid. Og nokre har gått vidare til høgare utdanning. Skulle vi derfor ikkje ha drive med dette undervisningsarbeidet? Svaret må verte nei. Opplæring og utdanning er vesentleg for eit byggande samfunn. Foreldrene til dei som har fått gått vidare på skule har nok også sett for seg at deira etterkomarar skal få eit betre liv ein annan plass. Utan norsk inspirert odelslov og store barneflokkar som skal ha sin bit av foreldrene sin arv, vert det elles berre små jordlappar for neste generasjon å brødfø seg på. Men vi har også dømer på at enkeltpersonar som fekk lese- og skriveopplæring gjennom alfabetiseringsprogrammet og enkelte som har budd på internatet og studert på vidaregåande, er ressurspersonar i kommunestyret og kommuneadministrasjonen i Tinguipaya. Dagens ordførar i Tinguipaya er ein av dei som var elev i alfabetiseringsprogrammet vårt, og er ein svært aktiv og oppvakt person. I dagens administrasjon er der også slike som har budd på internatet og som har studert vidare i Potosi og er no tilsette i kommunen i Tinguipaya.
Vi tykte vi hadde eit godt prosjekt i Tinguipaya der målgruppa var aktiv i gjennomføringa av prosjekta som økonomisk. Om ikkje alt har vore like vellukka, gav ein god del grøde. Gjennom prosjektet hadde vi også mange høver der vi vitna om frelsaren Jesus. Takka går til Gud som gav oss kallet og høve til å arbeide blant dette folket. Takka går også til misjonsfolket og NORAD som “verktøy” for å kunne utføre oppdraget. “Når vi ved Guds miskunn har fått denne tenesta, mysser vi ikkje motet”(2 kor. 4,1).
Bilde: Huarajcucho; ein bonde gjer klar til vaksinering. Foto: Malvin Ommedal