> NLM / Internasjonalt / Etiopia / Nyheter / Første møte med Ginnir



Første møte med Ginnir

Alle foto: privat

Å besøke ein plass der du veit du skal bu nokre år er veldig annleis enn når du reiser som turist. I staden for å sjå alt det spennande, bit eg meg merke i det som minner om heime.

Med injera i magen, koffein i blodet, hovudet fullt av nye inntrykk og sår bak frå ein veg teken direkte ut av «hompetittentei», er vi no på besøk i Ginnir.

Bortsett frå nokre få besøk på Google Maps og eit par bilete med ulike beskrivingar frå kollegaene våre, har vi vore ivrige etter å få sjå plassen vi skal snart kalle «heime.»

     

 

Finne det ein kjenner att

På vegen til Ginnir køyrer vi over vakre Bale Mountains og Bale nasjonalpark, som med sitt rike biologiske mangfald gir oss lopper i blodet med tanken på å komme tilbake og oppleve meir enn det vi berre kan sjå frå eit støvete bilvindauge.

Å besøke ein plass der du veit du skal bu nokre år er veldig annleis enn når du reiser som turist. Som turist leitar ein gjerne etter det som er forskjellig frå heime, spennande og fascinerande.

Men no er vi ikkje turistar, og eg bit meg merke i korleis eg ser etter det som eg har kjennskap til og er fortruleg med. Alt frå fjelltoppane i Bale, ein hage med grønsaker, kaffitre og papaya som er bytta ut med eple- og plommetrea frå Noreg.

   

Viktig med relasjonar

Etiopia har ein sterk relasjonskultur, og det er difor viktig at vi desse dagane har fått nokre møter med involverte i RMMP-Bale, dei tilsette i kyrkja og barna frå dagheimen.

Vi stotrar oss fram på oromo, og det er som augo folk blir større, smila breiare, latteren høgare og handtrykka litt fastare idet vi helsar dei med «akkam», «fayya», «garidha».

     

Mykje å sette seg inn i

Vi kan og kjenne på at det kjem til å bli dagar som kjem til å bli utfordrande, og det er mykje vi kjem til å måtte sette oss inn, og gjera oss vand med. Med ny by, nye kollegaer, nytt språk, nye arbeidsoppgåver og ny organisasjon har vi mykje vi må ta tak i.

Det har vore veldig nyttig å få eit lite inntrykk av Ginnir, og vi drar no tilbake til Addis med ein litt større idé om korleis det vil bli å bu i Bale.

 


Stedlig representant

Stedlig representant

Etiopia

+251 (0) 934441519

Dagens bibelsitat

2Tim 2:22 Fly fra ungdommens lyster! Og jag etter rettferdighet, tro, kjærlighet, fred med dem som påkaller Herren av et rent hjerte!

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.