> NLM / Internasjonalt / Japan / Nyheter / Fem på Bible Club



Fem på Bible Club

Fem på Bible Club. F.v.: Engedzani (Enge) Dzebu, Natsumi Oshima, Gilles Ngoran, Hiroki Omuro og Yuuri Kaji. Alle foto: Inger Valbø

I Matsue er fredagskvelden tid for internasjonalt fellesskap for studentar og andre ungdommar. Bortimot halvparten av ungdommane er ikkje kristne, men er nysgjerrige på engelsk og Jesus.

Svoltne ungdommar

Svoltne ungdommar fyller opp den lille leilegheita mi. Etter middagen ruslar dei over til det internasjonale senteret. Eg ryddar litt unna før eg tek med Gideon-NT, studiebøker, te og snacks i bilen, og kjem dei fleste i forkjøpet.

   

Lovsong og bibelstudium

Vi startar med lovsong. I dette lokalet kan vi synge så høgt vi vil utan å forstyrre nokon. Bibelstudiet handlar om fysisk og åndeleg tørst. Teksten er om Jesus i møte med den samaritanske kvinna. Vi er tjue personar denne kvelden. Etter å ha gått gjennom teksten ilag, deler vi oss i grupper for spørsmål og samtale.

Etter halvannan time med song, bibelstudium og bøn, har vi om lag 45 minutt før vi må rydde og komme oss ut dørene. Medan dei andre drikk te og pratar, får eg huka fem av deltakarane til eit lite intervju.

   

Biblestudie i grupper på det internasjonale senteret.

  

Fem på Bible Club

Gilles Ngoran (31) frå Kamerun er masterstudent, og Engedzani (Enge) Dzebu frå Sør-Afrika er engelsklærar på ein vidaregåande skule i byen. Yuuri Kaji (18), Natsumi Oshima (21) og Hiroki Omuro (21) er japanske studentar.

  

– Kvifor kjem de på Bible Club?

– Eg kjem for fellesskapet og bibelstudiet. Det er av og til einaste sjansen eg har til å lese Bibelen i lag med andre i løpet av veka, seier Enge.

– For meg er Bible Club ei god avkopling frå studiane og ein plass å kommunisere med andre, seier Hiroki.

– Eg liker også å prate med andre, og eg kan spele gitar og gjere det eg er god på, seier Natsumi.

      

Fellesskapet betyr mykje

Yuuri er førsteårsstudent og er på Bible Club for første gong. Han er den einaste kristne japanske studenten denne kvelden.

– Eg liker å synge og be i lag med andre. Det var veldig kjekt! Eg trur bibelstudiet var enkelt å forstå også for ikkje-kristne, seier han.

– Eg liker å lære japansk språk og kultur, seier Gilles, og legg til: - Men i dag var det nokre vanskelege ord!

   

– Kva liker de best med Bible Club?

– Å kunne dele og samtale med andre, å synge ilag, prate og få nye venner, oppsummerer dei.

Dei er samde i at Bible Club er veldig attraktiv fordi det er eit internasjonalt fellesskap.

  

Lærer om Jesus

– Kva har de lært i kveld?

Natsumi: – Jesus veit kven som treng hjelp, og han veit også korleis han kan hjelpe dei.

Hiroki: – At det finst evig (levande) vatn. Det er fantastisk!

 Yuuri: – Når vi drikk det levande vatnet som Jesus gir, blir vi ikkje tørste att.

Gilles: – Før kvinna møtte Jesus, hadde ho eit lavt sjølvbilete, men ho gjekk heim fornøgd og med større motivasjon.

 Enge: – At Jesus ikkje diskriminerer.

  

– Har de noko meir å legge til?

– Lovsongen var så rørande i dag, seier Gilles.

– Eg set pris på middagen! På fredagane slepp eg å bekymre meg for det, avsluttar Enge.

 

Samla til middag heime hos misjonæren.


Stedlig representant

Stedlig representant

Japan

078-221-8366

090-7889-1802

Dagens bibelsitat

Joh 17:21 at de alle må være ett, likesom du, Far, i meg, og jeg i deg – at også de må være ett i oss, for at verden skal tro at du har utsendt meg.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.