> NLM / Internasjonalt / Japan / Nyheter / Gardinsjokk på japansk



Gardinsjokk på japansk

Japanske hjem. Foto: Kari Opperud

Kor påverka kan ein eigentleg verte av andre sine gardiner?

På Fjellhaug lærte me mykje nyttig om kultur og kultursjokk, men på «bakken» i Japan var det annleis.

Eg var ikkje førebudd på å gå rundt i Kobe og sjå meg trist på gardiner.

   

Humør og gardiner

I Noreg har eg ikkje så veldig sterke meiningar om gardiner. Eg kan nok ha noko å seie om fargeval og liknande i eiga stove, men andre sine gardiner påverkar ikkje humøret mitt.

I Kobe var det altså annleis, og det handla naturleg nok om heilt andre ting enn fargar, mønster og lengder. Årsaka satt enno djupare.

  

Å invitere heim

Japansk og norsk kultur har ein del til felles i korleis ein stillar seg til andre menneske. Ein snakkar til dømes ikkje med sidemannen på bussen og er i utgangspunktet ikkje så veldig interessert i kontakt med framande.

Men i Japan er dei fleste meir forsiktig med å invitere heim. Ein er meir oppteken av å verne om det som skjer i heimen som noko privat og personleg.

Kanskje spelar forholdet mellom «tatemae» (det ein seier) og «honne» (det ein verkeleg meiner) inn på dette området også?

  

Om nokon er veldig opptekne av fasaden, går eit besøk heime over frå å vere koseleg til å vere avslørande. Slik kan vel ein del føle det i Noreg også, men det er enno meir vanleg å ha eit skile mellom i og utanfor heimen her i Japan.

I Noreg inviterer ein heim for å verte kjende, her vil ein i større grad vente til ein kjenner folk godt.

  

Gardinene er trekt for

I Noreg er gardinene trekt til side – med mindre ein har ein grunn til å trekke dei for. I Japan synast det som dei fleste tenkjer motsett.

I eit land med varme, solrike somrar og kalde vintrar, og eitt lag glas i vindauga, handlar dette mykje om isolasjon. Men det handlar også om skile mellom privatlivets fred og det utanfor.

 

Foto: Kari Opperud

  

Kultursjokk

Mitt første kultursjokk i Japan kom raskt. Det kom då alle kvardagens småting, tillært gjennom 28 år, måtte lærast på nytt.

Det andre kultursjokket kom seinare og stakk djupare. Det handla om ei kjensle av ikkje å sleppe innpå folk, og det handla om ikkje å vite korleis ein kan få djupe, gode venskap i ein annan kultur.

  

Gardinene vart eit symbol

Som misjonær er det lett å kjenne seg mislukka når ein har budd i eit land i eitt og eit halvt år utan å ha vore i ei einaste stove. Det var dette eg følte på den vinteren eg gjekk rundt og kikka på gardiner.

Gardinene vart eit symbol på alle heimane som var lukka for meg. Det vart eit symbol for korleis eg ikkje slapp innpå folk, og korleis eg ikkje hadde nære vener, og at eg ikkje visste korleis eg skulle få dei.

Vår store oppgåve er jo også å dele noko som er djupt personleg. Du er ein syndar. Men Gud som skapte deg, elskar deg. Han døydde og stod opp for deg.

Kanskje vert denne formidlinga også vanskelegare i ein kultur der ein held korta tett til brystet.

  

Gardiner – etter to år

Når dette skrivast, har to år gått. Eg sit på kontoret mitt – med opne gardiner – og kikkar på nabohusa der dei er lukka – utan at det gjer meg så veldig mykje.

Me kjenner framleis ein del på det å vere i ein kultur der det er vanskeleg å sleppe inn på folk.

Men i går kunne eg og ein kompis sitte i heimen hans og snakke om korleis me hadde det over ein kaffikopp. Neste post på programmet er å reise på eit nytt besøk.

  

Me har også funne ut at mange synast det er svært triveleg å verte invitert heim til oss, sjølv om dei er meir forsiktige med å invitere heim sjølve.

Dette handlar også om at ein ser på utlendingar som annleis, med andre reglar. Det kan vere utfordrande, men ofte er det ei velsigna gåve.

Ting ser altså annleis ut no. Men at ein liten ting, som gardiner, kunne opplevast så sterkt, er ei av mange lærdomar eg aldri hadde trudd eg skulle ha.


Stedlig representant

Stedlig representant, er ute i kortere perioder i 2016-17.

Japan

+81 78-291-5822

+81 90-7889-1802

Dagens bibelsitat

Luk 8:15 Men det i den gode jord, det er de som hører ordet og tar vare på det i et vakkert og godt hjerte, og bærer frukt i utholdenhet.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.