> NLM / Internasjonalt / Japan / Nyheter / Snow Fun Camp
Inger Valbø <ivalboSPAMFILTER@nlm.no>
Både born og vaksne fekk boltre seg i snøen på Hiruzen Bible Camp 10.-12. februar. Vi lærte også korleis hjarta kan bli kvitare enn snø.
Det er ikkje mange misjonsfelt som kan arrangere Snow Fun Camp, men på Hiruzen i Japan har vi skikkeleg ”norsk” vinter. Til og med gjestane frå Norge syntest det var kaldt nok.
På leiren var vi til saman 22 med deltakarar og leiarar. Fleire var også med på leiren i fjor, og det viser at det gav meirsmak.
Nokre av borna viste god framgang i slalombakken, og dei reiste sikkert heim med styrka sjølvtillit. Andre prøvde langrenn for første gong i livet, og syntest det var ei oppleving.
Vi var ikkje åleine på fjellet. 11. februar var offentleg fridag i tillegg til at det var laurdag, og denne morgonen var det også strålande vêr, så det var ganske folksomt på skisenteret. Men det var kanskje berre vi utlendingane som ergra oss over lange køar? Japanarane er vande til å vente på tur, men når ein må vente både i heiskøa, i matkøa og i dokøa, går det bort ein god del tid.
Det blir lange køar overalt der japanarane er, for det er mange av dei. Men køa av dei som ønskjer å høyre om Jesus og bli frelst, er dessverre altfor kort...
Ute i den kvite snøen kunne vi tenkje på det vi hadde høyrt på bibeltimane. Aiji Komiyama er nyutdanna prest og arbeider i Kita Suzurandai kyrkje i Kobe. Han talte over temaet ”Kvitare enn snø” slik at både små og store forstod. ”Reinsa meg frå synd med isop så eg vert rein! Tvett meg så eg vert kvitare enn snø!” bad David. (Sal. 51, 9)
Komiyama hadde vore ute og kjøpt ei kvit, hjarteforma skål og tuber med mange forskjellige fargar måling. Så tok han litt av kvar farge ned i hjarteskåla. Fargane skulle illustrere kva som fyller hjarta vårt. Då han tok penselen og blanda fargane, vart hjarta svart.
Slik er også mennesket sitt hjarte når Gud ser på det. Korleis kan vi gjere hjarta kvitt, spurde han, og borna kom med fleire forslag.
Han sjølv prøvde med kvitmåling. Men samme kor mykje kvitt han blanda med det svarte, vart resultatet grått. Kva skal vi då gjere?
Han tok eit blankt ark for å vise kva Gud gjer med problemet vårt. Men dette arket pakka han inn det svarte, syndige hjarta så vi berre såg det kvite. På samme måte kler Gud oss i Jesus når vi trur på han og blir døypte.
”For de, så mange som er døypte til Kristus, har ikledd dykk Kristus.” (Gal. 3, 27)
På leiren hadde vi besøk av eit filmteam frå Norge. Grete Yksnøy Martinsen, Jan Egil Reime og Torgeir Henden er for tida i Japan for å lage film for Barnas Misjonsprosjekt og til GF. Torgeir var både høgt og lavt med videokameraet, utan at det såg ut til å distrahere nokon. Ei av mødrene som var med på leiren, sa at det gjorde inntrykk å høyre om Barnas Misjonsprosjekt.
- Eg har høyrt at misjonsvenner i Norge ber for Japan, men at også norske barn ber for oss, har eg aldri tenkt på før. Det gjorde inntrykk på meg, seier ho.