> NLM / Internasjonalt / Japan / Nyheter / Vigsle av ny kyrkje



Gledesdag i Yonago

Dei har bedt og førebudd dette i mange år. Endeleg er draumen gått i oppfylling!

10. oktober var den nye kyrkjesalen fullsett av gjester og dei av medlemmene som fekk plass inne. At Yonago kyrkje har ei ungdommeleg forsamling, prega også fellessongen, som var leia av eit band. Det er første gong eg har sunge "Guds kirkes grunnvoll ene" i 6/8-takt, men det fungerte faktisk bra!

Pastor Hideki Matsumura ønska alle velkomne ved å presenterte behovet for ny kyrkje i tre punkt:

- Den 44 år gamle kyrkja var blitt for lita (takkeemne!), for gammal (lekkasjar) og for bråkete (klage frå naboane)!

Det at kyrkja vart for lita og naboane klaga på støy, er eit resultat av eit godt barne- og ungdomsarbeid i mange år. I Yonago kyrkje er det aktivitet tidleg og seint, og ungdommane liker å bruke høg lyd når dei spelar og syng. Det er visst ikkje alle naboane like glade for. Men no har ungdommane fått ei kyrkje med lydtette veggar, der dei kan få utfalde seg utan å ta omsyn til naboane.

Draumen

Allereie i 2006 vart tomta til ny kyrkje kjøpt, men det tok si tid før byggjinga kunne starte. Draumen var å byggje ei kyrkje i to etasjar, med kyrkjesal oppe, og ein gymsal for born og unge i første etasje. Dei hadde til og med kjøpt inn benkar til kyrkjesal. Men så viste det seg at dei ikkje hadde budsjett til noko så stort, så motvillig måtte dei gjere om

planane. Det enda med eit einetasjes bygg med kombinert kyrkjesal og gymsal. Benkane har dei allereie gitt bort til ei anna kyrkje som trengde dei, og i staden har dei kjøpt stolar som er lett å stable bort når ungdommane har sine samlingar, og som kjem fort på plass før gudstenesta byrjar.

Frisk lovsong

For nokre år sidan skreiv eg ein artikkel frå ei ungdomsgudsteneste i Yonago, under overskrifta "Liv og røre i Yonago". Og liv og røre er det når ungdommane samlast til lovsong. Men det er heller ingen andre av våre lutherske kyrkjer som har så mange ungdommar.

Opptil fleire gospelkor har dei også. Særleg gripande var det å sjå dei minste framføre ein song frå ein musikal dei øver inn. "Kvar enkelt av dykk er viktige, kvar enkelt av dykk er nødvendige. Dersom du ikkje er her, er det noko viktig som manglar." Særleg gripande er det å sjå på videoen der borna syng med armane utstrekte mot forsamlinga, og pastor Matsumura som sit på fremste benk og syng det samme tilbake til dei: "Kvar enkelt av dykk er viktige, kvar enkelt av dykk er nødvendige. Dersom du ikkje er her, er det noko viktig som manglar." Eg trur dei opplever det sjølve også, at dei er umistelege både for kvarandre og for Gud.

Mange av dei unge som er blitt kristne i Yonago, har hatt det vanskeleg i oppveksten. Fleire har slutta å gå på skulen på grunn av mobbing eller andre årsaker, så dei siste 10 åra har det blitt drive skule i kyrkja for slike. No er dei med i eit godt miljø, og ved trua på Jesus har dei også fått sjå at dei sjølve er verdfulle.

Lys i mørkret

Teksten for talen var frå 2. Krøn. 6:

"Då sa Salomo: Herren har sagt at han vil bu i skoddemørkret. Og no har eg bygt eit hus til bustad for deg, ein stad der du kan bu til evig tid." (v.1-2)

Utifrå desse orda talte pastor Matsumura om at Gud kom ned til oss, ned i vårt mørker. Han sit ikkje berre der oppe og

ser ned på oss. Vidare understreka han at kyrkja si oppgåv

e er å hjelpe ungdommane å vekse og mognast for så å sende dei ut i samfunnet. "Eg er her, " seier Herren. Jesu lys er her, og han sender oss ut som lys til verda. Som symbol på dette fekk alle frammøtte med seg ei lita lommelykt heim.

Måtte den nye Yonago lutherske kyrkje få lyse både i nabolaget og langt utover!

Her kan du sjå fleire bilete frå vigslingsdagen: Facebook Album


Stedlig representant

Stedlig representant

Japan

+81 78-221-8366

+81 90-7889-1802

Dagens bibelsitat

Gal 6:7 Far ikke vill! Gud lar seg ikke spotte! Det et menneske sår, det skal han også høste.

Sitat på SMS

Meld deg på

Del