> NLM / Internasjonalt / Mongolia / Nyheter / Feiring av mongolsk nyttår



Feiring av mongolsk nyttår

Peder Emil Vigdal, Bjørn Olav Sørhus og Jan Ingve Bernssen klare for båtz. Foto: Åshild Sørhus.

Mandag 27. februar til onsdag 1. mars feira mongolerane Tsagaan Sar, nyttår. Desse dagane er pregar av tradisjonar, overtru og mykje mat. Bli med på feiringa.

Tradisjonar og overtru

Det heile starta tidleg for mongolerane. For medan vi nordmenn sov, var mange den fyrste dagen oppe på eit fjell før sola stod opp for å få dei fyrste solstrålane på seg. Det skal bringe lukke i det nye året. Deretter reiste dei heim att og byrja å gjere klar diverse salatar og småmat til besøket som snart skulle kome. Vårt fyrste besøk var mandag kl. 09:30. Vi pynta oss i tradisjonelle klede og kom til eit tømmerhus som var dekorert til feiringa. På bordet stod det blant anna godteri, kjøtt, mjølke-te og frukt. Det fyrste vi gjorde var å helse på den eldste personen med eit ynskje om fred for det nye året. Her var det viktig å gjere det med nokre bestemte rørsler. Dersom ein gjorde feil eller helste på den same personen to gongar, var det ikkje bra for det nye året. Takk og lov for tabbekvote for utlendingar! Ein annan overtruisk sak er at dersom to gravide kvinner helser på kvarandre, så vil borna i magen deira bytte plass. Det kan vere uheldig sidan då kan ein plutseleg føde ei jente i staden for ein gut, noko som dei helst vil unngå.

 

Mykje mat

Medan vi helsa på dei gav vi dei gåve i form av pengar før vi sette oss rundt bordet. Vi fekk kvar vår kopp med mjølke-te og starta å småete på alt som stod på bordet. Verten fylgde med på at vi åt medan husmora satte over båtzen til damping. Båtz er kjøttdeig ofte blanda med lauk og kvitlauk i ein mjøldeig som er dampa. Etter om lag 20 minuttar var maten klar og vi byrja å ete. Det er bra for det nye året at ein et mykje, trur mongolerane. Difor forventar dei at vi skal høggje innpå slik ein normal mongoler gjer. Det er ikkje lett for ein nordmann som ikkje føler for å ete 20 båtz når ein nettopp har stått opp. Trikset eg brukte var å ete sakte slik at det såg ut som om eg hadde ete mykje. Ein annan grunn er at det er bra for verten at vi et mykje då det viser dei at dei er velståande nok til å lage mykje mat.

 

Etter at ein er vel mett, får ein gåver før ein ynskjer dei eit fortsatt godt nyttår. Deretter går vegen vidare til neste besøk. Slik var det i tre dagar for dei fleste. Nokre mongolera feira resten av veka også for å få vekk all maten dei hadde laga. Dei fleste lagar minst 1000 båtz før feiringa og ofte må dei lage meir undervegs. Til saman var vi på åtte besøk på tre dagar der vi besøkte ulike hus som mongolerane bur i. Nokre bur i ger (filttelt) medan andre bur i leilegheit, murstein- eller trehus. Vi var hos både kristne og ikkje-kristne mongolera. Dei feira stort sett på same måten, men dei kristne vel vekk dei religiøse delane av feiringa. I den eine kristne heimen song bestemora "Amazing grace" for oss på mongolsk og vi bad for heimen. I ein annan heim song vi den same songen til ein familie der mor i huset er kristen, medan vi er meir usikre på om far er kristen. Dermed nytta vi annleiinga til å vitne i form av song. Med ein variasjon i form av mat og feiring var det spanande å spanande å få reise rundt og besøke folk i dei ulike heimane. 


Stedlig representant

Stedlig representant.

Mongolia

+976 70433993

+976 99013824

Misjonærblogger

Dagens bibelsitat

Sal 25:21 La rettsinn og oppriktighet verne meg, for jeg venter på deg.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.