> NLM / Internasjonalt / Mongolia / Nyheter / Flaum i Ulgii



Flaum i Ulgii

Store vassmengder førte til øydeleggingar på hus og eigedom for mange. Foto: Hogne Berland.

I går var det på grunn av kraftig regnver over kort tid flaum i Ulgii. NLM sine utsendingar som for tida er i Ulgii har det bra, men merkar situasjonen.

Mange av bebuarane i Ulgii bur i dalsidene rundt byen, i hus bygd av leire utan gode fundament.

Då flaumen kom ned frå fjellsidene, førte dei store vassmengdene i lag med regnet til store øydeleggingar. 270 (talet er ikkje bekrefta) heimar er øydelagt i flaumen.

  

Fryktar for drikkevatnet

I følgje vêrmeldingane skal det dei neste dagane fortsette å regne, noko som fører til frykt for ny flaum blant lokalbefolkninga.

Flaumen har også forureina brønnar, så reint drikkevatn kan for mange kome til å verte eit problem framover.

    

Ver med i bøn for befolkninga i Ulgii, oppryddingsarbeidet, styresmaktene si krisehandsaming og om at Gud må spare byen for nye flaumar dei komande dagane.


Stedlig representant

Stedlig representant

Mongolia

+976 99 01 38 24

Misjonærblogger

Dagens bibelsitat

Sal 84:6 Salig er det mennesket som har sin styrke i deg, de som har sitt hjerte vendt til de jevne veier.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.