> NLM / Internasjonalt / Mongolia / Nyheter / På fisketur med tida til hjelp



På fisketur med tida til hjelp

Fisk frå frysedisken. Foto: Jan Ingve Bernssen

Anten ein skal på fisketur etter fisk under den mongolske isen, eller ut og fiska menneske, er det ein ting som gjeld: tolmod. 

Eg har sidan eg kom til Vest-Mongolia i midten av august hatt eit ønske om å få meg fleire og betre lokale vener.

Etter ein kort tur til ei ishockeybane for å praktisere språk ein fredags ettermiddag, ende eg opp med å ha planlagt ein fisketur allereie på søndagen.

   

Norsk tid, mongolsk kultur

Norsk som eg er, på godt og vondt, møtte eg opp med bilen fem minutt før klokka ti, som var avtalt avreisetidspunkt. Dei skulle i alle fall ikkje trenge å vente på meg.

Ti over ti ringte eg for å spørje kor dei vart av. Ringetone i eit minutt, ingen svar. Eg hadde høyrt litt om den lokale kulturen når det kjem til tid, men ikkje erfart så mykje av den enno. Så eg fekk gje det eit par minuttar til før eg køyrde på eiga hand.

Fem minutt seinare fekk eg svar. Han skulle vera der om tjue minutt, så kunne me saman plukka opp dei andre. Førti minutt seinare ringte eg på nytt, då var han tydelegvis på veg og berre fem minutt unna.

Klok av skade og kald av å sitje i bilen i ein time, gjekk eg opp i leilegheita mi og venta då klokka vart elleve. Ti minutt seinare ringte han og lurte på kor i all verda eg var.

   

Etter eit kort halvtimes stopp hjå broren til nestemann, slik at me skulle få drikke te mens han og ein anna gjorde seg klar, kom me oss omsider av garde. Nesten to timar forseinka etter norsk rekning. Akkurat på tida etter den lokale.

   

Problem på vegen

Vegen var ikkje den beste ut til det vatnet me skulle til. Skarpe steinar som står fast i sanden er ikkje ei oppskrift på langlevde dekk.

Og rett nok, etter eit par mil punkterte me. Heldigvis var me fire karar i bilen som alle hadde vore med på raske dekkskift før. Me hadde med to reservedekk, så me bytte sjølvsagd ikkje til det dekket som me visste lak luft.

  

Då bilen hadde stått i ro på isen ei stund var det ein som kommenterte dekket som me hadde bytt til. Det var ikkje like fullt som tidlegare lenger.

Heldigvis hadde me fått ein kompressor i bilen dagen før. Uheldigvis var ventilen klemt mot felgen, så for å fylle på måtte me først jekke opp bilen, tømme all lufta ut av dekket for så samarbeide om å få ventilen i ein slik posisjon at luftfylling var mogeleg.

   

Tolmod ved fiskeholet

Isfiske har eg prøvd ein gong før, det var det same då som no. Mykje rolegare enn anna form for fisking. Ein sit eller står heilt i ro med eit hol, slepp snøret ut og pilkar.

Det vert kaldt og ubehageleg etter kvart. Det er ikkje så mykje som skjer. Spesielt når fisken ikkje bit. Det vart ei prøve på tolmodet og rastlausheita mi.

 

For meg har denne turen på ein måte summert opphaldet mitt så langt i Vest-Mongolia.

For sjølv om eg opplever at tida går, og eg utolmodig ventar på at ting skal skje; sjølv om eg må lære eit nytt språk og ein ny kultur for å kome i kontakt med folk; sjølv om problem oppstår på vegen; sjølv om det til tider kan verta ubehageleg; sjølv om det er lite som skjer og eg vert rastlaus, er det ein ting eg ser er viktig.

Om det er fisk eller menneske ein skal fiska, tolmod med fiskeholet er naudsynt.

Ver gjerne med og be for fleire fisketurar med desse karane, og for at Gud skal gjera dei til menneskefiskarar!


Stedlig representant

Stedlig representant.

Mongolia

+976 99013824

Dagens bibelsitat

5Mos 4:31a For Herren din Gud er en barmhjertig Gud. Han skal ikke slippe deg og ikke la deg gå til grunne.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.