> NLM / Internasjonalt / Øst-Afrika / Nyheter / På denne NLM-skulen stiller islam og...



På denne NLM-skulen stiller islam og kristen tru likt

Foto: Knut Reier Indrebø

Då Norwegian Community School i Nairobi vart starta for 40 år sidan, var føremålet først og fremst å tilby norske misjonærbarn i Aust-Afrika god skulegang. Men i dag er skulen brukt av langt fleire enn lyslugga småtassar med vestlands-dialekt.

Norwegian Community School (NCS) er eigd og driven av NLM, og gjennom 40 års drift er det ikkje få misjonærbarn som har vore innom klasseromma. Framleis høyrer mange elevar til i misjonær-heimar, men no er det nesten like vanleg med elevar med heilt andre bakgrunnar: Grunnen er at fleire born med norsk-somalisk bakgrunn er blitt søkte inn på skulen dei siste åra.

     

Ingen kristen skule

Margunn Helgøy er rektor ved NCS. Ho fortel at endringa i elevmassen ikkje har skjedd på grunn av endringar ved skulen, men fordi ryktet om skulen har spreidd seg i et stadig større norsk-somalisk miljø i Kenya.

- Ein viktig føresetnad for at dette kan skje, er at skulen ikkje har godkjenning med kristen føremålsparagraf, men som norsk skule i utlandet. Dette inneber mellom anna at islam og kristen tru langt på veg stiller likt på skulen, på same måte som i den offentlege skulen i Noreg, seier Helgøy.

Ho møter av og til misjonsvenner som blir overraska over at NLM driv ein skule som ikkje har godkjenning som kristen privatskule. Men dette er heilt i tråd med skulestyret sine vurderingar, seier ho.

- Styret har ønska eit utval av elevar med brei bakgrunn, både når det gjeld etnisitet og livssyn. Slik får elevane våre møta ein meir normal norsk skulekvardag og vil dermed vera meir førebudde før ein eventuelt skal flytta til Noreg att, meiner Helgøy.

    

Margunn Helgøy, rektor ved NCS. Foto: Knut Reier Indrebø

  

Heilt normalt

Yasmin Gedi og Silas Mjølhus går begge på mellomtrinnet på NCS. Yasmin er muslim og Silas er kristen. Dei synest det er fint med både kristne og muslimar på skulen.

- Det er jo heilt normalt. Me tenkjer ikkje over det, seier dei.

Dei snakkar lite saman om kva dei trur på, sjølv om temaet sjølvsagt kjem opp når dei har om ulike religionar i faget KRLE. Trua deira kjem elles lite til uttrykk i kvardagen. Yasmin går vanlegvis ikkje med hijab, utanom i fastemånaden ramadan.

- Då eg kom med hijab første gongen, snakka me bittelitt om akkurat det, elles er vi saman akkurat som andre venner, seier ho.

   

- Greit at andakten er vekke

Femteklassing Silas trur skulen hadde vore nesten den same om alle elevane hadde same etnisitet og religiøs bakgrunn.

- Eg trur ikkje det hadde vore særleg annleis. Kanskje me hadde hatt andakt kvar dag dersom alle var kristne? undrast han.

Då Yasmin starta ved skulen for seks år sidan, var det kristen andakt om morgonen. Det er det altså ikkje lenger.

- Det gjekk heilt greit at det var andakt, men for meg er det betre at det ikkje er det. Det var litt vanskeleg for meg av og til. Nokre gonger kan det også vera litt dumt som muslim i lunsjen, når det blir vert servert bacon eller anna svinekjøt. Men elles er det mange fordeler ved å gå på ein skule med så mange kristne. Det er for eksempel ikkje banning her, noko me muslimar også set pris på, seier sjuandeklassingen.

              

Fordel for elevane

Helgøy understrekar at også på NCS skal kristendommen ha ein større plass enn andre livssyn, til dømes i KRLE og ved markering av dei kristne høgtidene.

- Men kanskje stiller islam faktisk sterkare her enn i andre norske skular, fordi andelen muslimar hos oss prosentvis er større, og fordi me har store muslimske miljø i samfunnet rundt oss, som gjer at me møter det meir i kvardagen.

- Korleis får NLM prega skulen her med sine verdiar innanfor ei slik godkjenning?

- NLM pregar skulen ved å vera på NLM si tomt, slik at elevar møter dei tilsette og tilreisande som har tilknytning til organisasjonen både i lunsjen og i kvardagsliv. Dei som er på felt er innom og besøker skulen, og er med på å prega både miljø og samtalar, seier Helgøy.

   

Ein god skule

Både elevar og lærarar er samde om at NCS er ein super skule å vera på. At skulen er liten, er eit stort fortrinn.

- Det er lettare å få hjelp når ein treng det. Så blir ein godt kjend med nesten alle som går på skulen. Dei fleste blir med på dei same aktivitetane i friminutta, seier Yasmin.

Også Silas trekkjer fram det gode fellesskapet.

- Alle er saman med alle, i staden for å gå klassevis. Lærarane er også meir med på aktivitetar, avsluttar han.


Dagens bibelsitat

Gal 6:2 Bær hverandres byrder, og oppfyll på den måten Kristi lov.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.