> NLM / Internasjonalt / Peru / Nyheter / ”Eg er din far”



”Eg er din far”

Gud har si glede i sonen sin. Gud elskar sonen sin. Det sa han høgt og tydeleg frå himmelen då Jesus vart døypt og han gjentok det då Jesus snakka med Moses og Elia oppe på fjellet. Og då Jesus hadde det vanskeleg og visste at han snart skulle krossfestast så tar han kontakt med faren sin og fortel han om problema sine.

I Peru aukar talet på aleinemødre. Migrasjon har gjort at det er ubalanse mellom kjønna i urbane soner. Samtidig er det fleire tenåringsmødre enn før, og det er fleire kvinner som tar utdanning og dermed blir økonomisk uavhengige av mannen. Det kan og være grunnen til at fleire kvinner bryt ut av dårlige ekteskap.

Machokultur 

At latino-kulturen er ein machokultur er ein kjent fordom. Og det er tydeleg at kjønnsrollemønstera i latin amerika er påverka av eit mannsideal der mannen er krigaren, forføraren, og ikkje ein omsorgsfull far. På 40- og 50-talet var meksikanske filmar populære i Peru, der helten var ein meksikansk ”charro” (cowboy). Det har nok gjort sitt til å definere mannsidealet i Peru. Og når det er slik i Mexico at når nokon seier ”eg er din far”, så er det ikkje for å vise omsorg og kjærleik, men det er eit utsagn som vert brukt for å ydmyke. Macho idealet seier at det er viktig at ein mann kan vise styrke, kan drepe og kan ydmyke. I Peru gjer det seg utslag i at 4 av 10 kvinner er utsett for vold heime, og kvar måned blir 12 peruanske kvinner drept av mannen sin.

Kvardagen er for tøff for mange, eit ektepar må gjerne ha to til tre jobbar kvar for å klare å betale dei nødvendige utgiftene. Da er det vanskeleg å gje barna i familien den omsorgen, kjærleiken og dei rollemodellane som dei treng. Kanskje derfor er alkoholmisbruk, narkotika og prostitusjon aukande utfordringar i Peru.

Nytt prosjekt i kirken 

NLM saman med IEL-P ønskjer å gje peruanske familiar eit alternativ ved å vise kva Bibelen seier om familiar. Gjennom eit familieprosjekt planlegg ein nå å setje i gang med ekteskapskurs for pastorar og leiarar i kyrkja, slik at dei kan starte opp ekteskapskurs i sine menighetar. Slik ønskar ein at den farskjærleiken som Gud viser oss, også kan forandre Peruanske familiar. Vær gjerne med å be om at familiar må få oppleve guds godhet og bli rusta til å skape gode og sunne familiar.

Les meir om prosjektet HER, og det er muleg å støtte prosjektet HER  


Dagens bibelsitat

Sal 41:4 Herren skal støtte ham på sykesengen. Du forvandler hele hans leie under hans sykdom.

Sitat på SMS

Meld deg på

Del