> NLM / Internasjonalt / Sør-Amerika / Nyheter / God stemning (og noko drama) i 4000...



God stemning (og noko drama) i 4000 m.o.h.

Evangelisering på plazaen i Crucero. 

Kulde, ein gjeng med sør-amerikanske ungdommar, evangelisering og uforutsette hendingar resulterer i ein innhaldsrik og morosam tur.

På bibelskulen i Arequipa har me dette året elevar frå Peru, Bolivia og Ecuador. Dei fleste er frå varme strøk, og difor var det til alles skrekk og gru at me skulle opp til Juliaca og Crucero på evangeliseringstur i 10 dagar.

Crucero og Juliaca ligg på rundt 4000 moh, og det er stort sett kaldt. Elevane måtte låne og kjøpe klede, og eg tok på meg ull allereie ved avreise frå Arequipa. Noko som viste seg å vere litt for mykje, ettersom det ikkje var noko aircondition i bussen.

    

God stemning og noko drama 

Me var sjølvsagt spente på korleis elevane kom til å takle båe høgda og maten som blei servert. Til alles forundring gjekk det stort sett bra, og med slagordet «buen actitud» (god stemning) var det for det meste god stemning heile vegen!

Det var sjølvsagt eit par innslag av drama (og då meiner eg ikkje dramastykka dei framførte). På tur med sør-amerikanske ungdommar kan ein rekne med eit fyrverkeri av kjensler. Noko som til tider kan vere båe morsomt og irriterande for ein nordmann.

    

Scootertaxi, humpete vegar og blindtarmbetennelse 

Då me kom til Crucero, der det bur nokre tusen menneske, blei eine eleven sjuk. Me tenkte det var rart at han som var frå området skulle bli påverka av båe maten og høgda. Men me tok han med til «legekontoret» og han fekk seg ei sprøyte og litt anna medisin og dei sendte han av gårde. Her blir jo det meste kurert med ei sprøyte eller to, så me tenkte jo sjølvsagt at det ville gå over.

Nokre dagar seinare, då me var i Juliaca, kunne eleven så vidt gå. Ettersom dei andre lærarane tenkte at han sikkert ikkje var «såå sjuk» sendte dei meg av gårde med han. Guten klarte så vidt å snakke, hadde vondt i magen og hadde vondt i heile kroppen, så det var ikkje noko vanskeleg for legen å slå fast at det var blindtarmen.

Eg blei kanskje ein smule stressa då dei sa at eg måtte ta han med meg på sjukehuset og få han operert så snart som mogleg. Det hjalp ikkje då å måtte ta ein liten scootertaxi på dei humpete vegane gjennom byen, innsjå at han hadde tatt med seg feil ID-kort og måtte sitje der og vente til me hadde fått tak i dei rette papira.

Eg var kanskje ein smule stressa for at han skulle døy på akuttmotaket på sjukehuset i mangel på papir. Heldigvis er han no operert og ligg på sjukehuset!

  

Bilde: Kvinnene i Crucero bidrog med song på møtet. 

Fellesgudsteneste 

Eit lite høgdepunkt var å få lov til å vere med på fellesgudstenesta i pinsa på ei slette eit stykke utanfor Juliaca. Her blei me møtt av eit korps, som spela medan me gjekk inn, og som eg framleis ikkje skjønar kva funksjon hadde. Mogleg dei berre ville «spele oss inn.» 

På møtet var det båe sure og reine tonar, men det var herlig å vere samla nokre hundre menneske og få ta del i det kristne fellesskapet! Alle fekk servert lunsj, og me er framleis forundra over korleis dei fekk til å lage mat til så mange menneske, midt ute i ingemannsland.

   

Praktisera det dei har lært 

Etter å ha hatt elevane på bibelskulen i om lag tre månadar er det gøy å få sjå at dei får prøvd seg i praksis. Med vitnesbyrd, drama og dans fekk dei prøvd seg i dei forskjellige kyrkjene me besøkte, på nokre skular og rundt på torga i småbyane.

Ungdommane veks stadig i kjennskap og tru på Jesus og eg kjenner meg priviligert som får ha dei som arbeidsplass! 


Stedlig representant

Stedlig representant

Sør-Amerika

+51 958 346 896

Misjonærblogger

Dagens bibelsitat

Fil 2:4 Ingen må bare se på sitt eget, men enhver må også ha de andres gagn for øye.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.