> NLM / Internasjonalt / Sør-Amerika / Nyheter / Nasjonal kvinneleir i høgfjellet



Nasjonal kvinneleir i høgfjellet

Kvinneleir med rundt 100 damer og eit par menn. Korps og god stemning.

Det var tid for å reise på den nasjonale kvinneleiren som den lutherske kyrkja arrangerer kvart år. Ettersom det skulle vere langt oppe i fjella hadde me pakka med oss alt me hadde av varme klede. Dundyne, ulltepper, ullklede, hue, vottar.

   

Lyd frå bremsene 

På veg opp byrja bremsene på bilen å lage ein god del lyd. Ein mann i Moho, der leiren var, kunne forsikre oss om at det var enkelt å få fikse bremseklossane på veg heim i Juliaca og at dette «berre ville ta 20 minutt.» Ok, då får me fikse det på heimvegen, og tenkte det kanskje ville ta rundt to timar. 

  

Basseng i staden for varme kjelder 

Fredagen var det tid for utflukt. Me skulle til nokre varme kjelder. Me enda opp i ein liten småby på 4000 moh med eit utandørsbasseng. Då me kom var det ikkje vatn i bassenget og me måtte vente til dei hadde fått fylt opp bassenget.

    

  

    

Variert undervisning 

Heile laurdagen var full av undervisning. Damene fekk undervisning om å vere ei kvinne ut frå ordspråka 31, om forskjellige personlighetstypar og litt om herlighetsteologi. Det var òg sjølvsagt duka for «talentkveld» og «vitnekveld». Det var òg ein del vitnesbyrd. Noko som er heilt tydleg er at himmellengselen er meir tilstades hos dei kristne oppe i fjella.

  

5 timar, og ikkje 20 min.

På veg heim skulle me få fikse desse bremseklossane som det tok 20 minutt å fikse. Det var sjølvsagt ikkje mogleg å få tak i nye klossar, så misjonær Ragnhild måtte få tak i ein mann som måtte ordne dei gamle. Så, 5 timar seinare var me endeleg på veg heim.

   

Ein times søvn for ny arbeidsveke 

Då me nærma oss Arequipa hadde det  vore ei bilulykke der ein lastebil hadde velta og det hadde vore dødsfall. Så då sa nokon at det var mogleg å kjøre ein annan veg. Me, og nokre hundre andre bilar, prøvde oss på det. Men det gjorde jo òg dei frå den andre sida. Så, på ein veldig smal veg måtte fleire hundre bilar snu. Og så måtte me stille oss i kø igjen. Utan dekning og moglegheit for å seie ifrå om kvar me var. Kl. 03:30 var me heime. Underteikna fekk éin time med søvn før ho måtte gå på jobb og ha undervisning kl. 08. Det var sjølvsagt gledelig at 5 av 13 elevar hadde kome.

   

Livet blir til medan ein går 

Livet blir alltid til medan ein går her. Ein veit aldri kva som kan skje, og det skjer alltid noko som ikkje var planlagd. Det er likevel alltid kjekt å møte søstre i trua som har eit brennande hjarte for Jesus, langt oppe i fjella. 


Stedlig representant

Stedlig representant

Sør-Amerika

+51 958 346 896

Misjonærblogger

Dagens bibelsitat

Sal 119:105 Ditt ord er en lykt for min fot og et lys på min sti.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.