> NLM / Internasjonalt / Sør-Amerika / Nyheter / «Sølvbryllaup» på skulen Diego...



«Sølvbryllaup» på skulen Diego Thomson

Siste fredagen i oktober markerte grunnskulen 25 års drift. 

Fredag 27. oktober drog stadleg representant (SR) (som offentleg viktig gjest), og eg (som sjåfør) opp til skulen Diego Thomson, som skulle ha ei stor feiring. Eg hadde sett ein plakat som sa at det var sølvbryllaup, men forstod ikkje at det betydde gudsteneste denne fredagen og talentshow påfølgande måndag.

Utan å heilt vite kva eg skulle være med å feire, kjørte vi oppover. Då me kom, vart SR vist til dei grøne stolane (V.I.P) som stod heilt framme. Eg tok til takke med ein stol litt lenger bak, ilag med majoriteten. Trur eg var mest fornøgd med det.  

   

Skulen eit resultat av reformasjonen 

SR hadde også andakten, og fekk fram kor stort det er at me som organisasjon har hatt moglegheiten til å vere med å starte skular, og at skulen er født som eit resultat av reformasjonen for 500 år sidan.

Majoriteten på Luther si tid kunne ikkje lese eller skrive, og dei høyrte berre Guds ord på Latin, eit språk dei ikkje forstod. Difor tok ein i tidleg reformasjonstid initiativ til å danne skular.

  

   

Dele evangeliet med over 500 elevar 

For 25 år sidan vart skulen danna av Strømmestiftelsen med støtte frå NORAD, før NLM seinare overtok skulen. Her får ein i dag dele evangeliet med over 500 elevar.

På skulen får ein utruste elevane til å kunne lese og skrive, og lære dei å bli glad i Bibelen. Bibelen som fins på spansk, slik at dei kan få bli kjent med Jesus og høyre om han, på sitt eige språk. Det er verdt å feire, både med songinnslag, lovsang, helsingar, talentshow - der alle elevane måtte bidra, andakt og dans.

Takk Gud for denne skulen, og ver med å be for den vidare, at elevane må få bli kjent med den einaste frelsaren, Jesus Kristus.  


Stedlig representant

Stedlig representant

Sør-Amerika

+51 958 346 896

Misjonærblogger

Dagens bibelsitat

Sal 34:8 Herrens engel slår leir rundt omkring dem som frykter ham, og han frir dem ut.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.