> NLM / Internasjonalt / Vest-Afrika / Nyheter / Endeleg på plass i Abidjan



Endeleg på plass i Abidjan

Torsdag 17. november landa misjonærparet Soili og Jan Magnus Dybvik i Abidjan i Elfenbeinskysten, elleve månader seinare enn dei fyrst tenkte.

– I dag skal eg til flyplassen for å hente storbagasjen. Vi hadde med oss ti kolli, og tollklareringa kan nok ta litt tid. Men alt verkar roleg og greitt her i Abidjan no, og vi er ved godt mot, seier misjonær Jan Magnus Dybvik, som vi har telefonkontakt med i Elfenbeinskysten.

Det var meininga at Soili og Jan Magnus Dybvik skulle etablere seg i Abidjan i januar. Dei hadde flybillettane klare, men på grunn av den politiske uroa i Elfenbeinskysten blei det eit lite år i nabolandet Mali i staden.

– Men no er vi komne til Abidjan for å bli, meiner Dybvik. Han har mange år bak seg i Elfenbeinskysten tidlegare, men kona hans, Soili, frå Finland, er ny i landet og tek no sikte på å kome seg litt inn i mahouspråket. Det er språket til den folkegruppa som er Misjonssambandet sitt hovudkall i Elfenbeinskysten, ei muslimsk folkegruppe.

Vekt på oppfylging

– Korleis skal de bu?   

– Vi flyttar inn i eit husvære i misjonens gjestehus. Det ligg i eit roleg område. Men vassforsyninga har vore litt ustabil den siste tida, så vi må nok passe på å ha litt vatn i reserve til ei kvar tid.

Om opplegget framover seier Dybvik at han skal arbeide ut frå eit kontor som misjonen har i Abidjan. Også tre nasjonale med ansvar for radiosendingar på mahou, og evangelisten Issaka, arbeider med utgangspunkt i dette kontoret.

– Så snart vi kjem oss i orden, vil eg leggje vekt på å fylgje opp evangelisten Issaka og det kristne arbeidet vårt her i Abidjan, samstundes som eg ynskjer å halde kontakt med medarbeidarar i Touba, nord i landet. Det siste må eg førebels gjere gjennom telefonisk kontakt. Og Soili vil prøve å få i gong ei kvinnegruppe.

– Godt å vere her

Som stadleg representant for Misjonssambandet i Vest-Afrika har Dybvik ei rekkje oppgåver å ta vare på, til dømes når det gjeld personalansvar. Og ei svært viktig sak akkurat no er å planleggje eit bibelkurs over seks veker i januar og februar.

– Vi gler veldig oss til det kurset, understrekar han.

Det er elles fleire norske misjonærar i Abidjan no om dagen, for Bergfrid Almelid, Torstein Habostad og Margrethe Mork er på plass i samband med evalueringa av eit Aksjon håp-prosjekt.

– For meg er godt å vere her igjen. Situasjonen ser ut til å vere normal, og det skal bli kjekt å kome i gong med dei konkrete arbeidsoppgåvene, avsluttar Jan Magnus Dybvik.    


Stedlig representant

Misjonær, Stedlig representant

Vest-Afrika

Dagens bibelsitat

Sal 41:4 Herren skal støtte ham på sykesengen. Du forvandler hele hans leie under hans sykdom.

Sitat på SMS

Meld deg på

Del