> NLM / Internasjonalt / Vest-Afrika / Nyheter / Frisk, fri og frelst - og endeleg...



Frisk, fri og frelst - og endeleg døypt!

Maawa og Makoti Touré fekk endeleg verte døypte. Foto: Oscar Nordbø

Mahoukvinna Makoti mista forstanden, men systera gav aldri opp. Frå å vere lenka til ein stokk, vart ho fri i Kristus – og påskedag vart begge systrene døypte!

Fyrste påskedag er ein festdag, både i Noreg og i Elfenbeinskysten. I Ouaninou var det ein ekstra grunn til fest og glede denne påskedagen – nemleg dåp. Det er ikkje så veldig ofte det skjer her, i eit område dominert av islam.

Kandidatane denne gongen var Josias, minste barnet til Ida og pastor Alain. Dei to andre var mahoukvinnene Maawa og Makoti Touré, som også er sysken.

      

Lang og tung veg til tru

Systrene sin veg til å tru på Jesus er spesiell og går langt tilbake.

Rundt 2003-2004 vart Makoti sjuk. Ho vart rett og slett gal, for å seie det med deira eigne ord. Ho held seg i skogen, og det var mange problem.

Sjølv hugsar ho lite frå den tida. Syster hennar, Maawa, hadde omsorg for henne og prøvde å hjelpe på alle vis.

Trass alle forsøk med trollmenn, fetisjørar og lokale medisinmenn var det ingenting som hjelpte. Makoti sat no lenka til ein stokk i landsbyen.

   

Ville prøve alt

Så høyrte dei eit rykte om at det var hjelp å få med dei kristne i Ouaninou. Dei var no villige til å prøve alt, men familien var skeptisk til å løyse kjettingen, for dei hadde ikkje kontroll på Makoti.

Likevel klarte systrene å koma seg til Ouaninou og møtte pastor Pierre, som tok imot dei og let dei vere i kyrkja medan han og dei andre kristne fasta og bad.

Ein merka raskt endring hos Makoti, mellom anna at ho fekk sove. Etter nokre månadar vart ho heilt frisk.

   

Pastor Solo underviser Maawa Touré i landsbyen hennar, medan ektemannen høyrer på.
Foto: Ann-Helen Nordbø

  

Held fast på Kristus

Sidan den tid har dei to systrene heldt seg til Jesus trass mange vanskar. Dei fekk problem i familiane sine, som ikkje ville vite av kristne. Dette var også ei vanskeleg tid i landet med borgarkrig.

Ei tid budde dei i Abidjan, men dei siste åra har dei heldt seg her i nordvest, i kvar sin landsby. Ingen av dei kan lese eller skrive, men pastor Solo, som sjølv er mahou, har besøkt dei jamt og trutt med dåpsopplæring.

Det er nok enno mykje å lære, både om tru og liv, men Maawa og Makoti har halde fast på trua gjennom mange vanskar. No var det på høg tid at dei vart døypte.

Jesus seier at en som trur og blir døypt, skal bli frelst. Difor var denne påskedagen 2017 i Ouaninou verkeleg ein dag for glede.

   

Ann-Helen og Oscar Nordbø (NLM Region nordvest) har to periodar bak seg som utsendingar nord i Elfenbeinskysten på 90-tallet. Dei siste månadane har dei vært tilbake på eit kortare opphald, i forbindelse med at NLM på nytt har fast stasjonerte utsendingar i denne delen av landet.

Ann-Helen og Oscar vender tilbake til Noreg denne helga.


Stedlig representant

Stedlig representant

Vest-Afrika

+225 87 17 02 99

Dagens bibelsitat

Rom 10:12 Her er ikke forskjell på jøde og greker. Alle har de samme Herre, som er rik nok for alle som påkaller ham.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.