> NLM / Internasjonalt / Vest-Afrika / Nyheter / Jesu tid er ikkje forbi



Jesu tid er ikkje forbi

Bibelundervisning i Elfenbeinskysten. Illustrasjonsfoto: Oscar Nordbø

Då Abou las i Matteusevangeliet, gjekk det opp for han at Jesus ein dag skal kome igjen. No vitnar han frimodig blant sine eigne i landsbyen i Elfenbeinskysten.

Abou (ikkje det eigentlege namnet hans) er ein godt vaksen mahou som blei kristen for fleire år sidan no. Fleire ting var med på å overtyde han til å begynne å tru på og følge Jesus.

Han var plaga av vonde åndsmakter og søkte å bli fri det i fleire år og hos mange ulike personar. Så kom han i kontakt med ei kristen kyrkje og blei bedt for av pastoren med fleire. Jesus svarte på bøna, og sidan den gong har han vore fri det vonde som hadde følgd han i mange år.

  

Jesus kjem igjen

Ein dag, før han vart ein kristen, satt han og las i Bibelen. Han var opplærd i at kristendommen var forbi. Han las i Matteusevangeliet kapittel 24 om dei siste tider og Jesu gjenkomst.

Då gjekk det opp for han at Jesus skal kome igjen og halde dom, og at dermed er Jesu tid ikkje forbi. Jesus skal jo kome igjen, og det er altså han vi har med å gjere til sist!

   

Eit frimodig vitne

Abou har i den seinare tid budd i heimlandsbyen sin og var for kort tid tilbake den einaste kristne i landsbyen. Han er eit frimodig vitne blant sine eigne. På fredager får han besøk av ein av våre pastorar. Dei har samtale med folk i landsbyen. Frå fem til femten personar kan møte fram og stiller spørsmål om den kristne trua.

Sist fredag var eit av spørsmåla: Kva lærar kristendommen om kva som skjer etter døden? Eit viktig spørsmål for ein del av folket her. Litt etter litt får Abou og pastoren fortelje dei om kva Bibelen lærar, om frelsa i Jesus og det kristne håpet.

  

Stor interesse

I løpet av det siste året har tre vaksne og fire-fem barn begynt å be saman med Abou, ikkje berre ein gong per veke, men ofte kvar dag. Det er verkeleg gledeleg, og fleire andre er interesserte og lyttar. Vil du vere med å be for Abou, pastoren og folket i denne landsbyen i Elfenbeinskysten?

Folket her veit lite om kristendommen. Det er gode mogelegheiter til å forkynne evangeliet i mange landsbyar, men arbeidarane er få. Måtte Gud drive arbeidarar ut til sin haust!


Stedlig representant

Stedlig representant

Vest-Afrika

+225 87 17 02 99

Dagens bibelsitat

1Kor 12:26 Om ett lem lider, da lider alle lemmene med. Og om ett lem blir hedret, da gleder alle lemmene seg med.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.