> NLM / Jobb og tjeneste / Jobb og tjeneste i NLM / Tjeneste i Norge / Ledige stillinger Norge / Barnehageassistentar – Tryggheim...



Barnehageassistentar – Tryggheim barnehage Vatne

Tryggheim barnehage på Vatne søkjer 2 barnehageassistentar.

Tryggheim Barnehage Vatne flytta inn i nye lokale våren 2018. Frå nov/des 18 opnar vi ei ny småbarnsavdeling og treng difor nye tilsette.

Vi ynskjer at barna, foreldra og dei tilsette som kjem til barnehagen skal bli møtt med omsorg. Visjonen vår er: «Vi ser og blir sett.»

   

Vi søkjer no:

2 barnehageassistentar

frå 01.12.18

  

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Barnehagen vert driven med eit kristent formål, og den som vert tilsett forpliktar seg til å arbeide etter barnehagen sitt kristne verdigrunnlag, vedtekter, verdidokument og instruksar, og arbeide aktivt for å fremje målsetjinga og verdiane som barnehagen har
  • Erfaring frå barnehage er ynskjeleg
  • Du må være ein aktiv og nærværande voksen både inne og ute som ser kvart enkelt barn, som lyttar og bryr seg om kva barna ynskjer å formidle
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevne
  • Relasjonsorientert med gode samarbeidsevner
  • Evne til å skape engasjement og lyst til å delta i barna sin leik og utvikling
  • Svært gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

    

Arbeidsoppgåver:

  • Assistenten har medansvar for omsorg og pedagogisk arbeid i barnehagen, for eksempel: samlingsstund, aktivitetar, frileik, rutinesituasjonar
  • I tillegg skal assistenten ha ansvar for at dei praktiske arbeidsoppgåvene blir gjennomført i samarbeid med resten av personalet i barnehagen
  • Ha medansvar for tilrettelegging for eit godt samarbeid med føresette

     

Vi kan tilby:

  • Fokus på kvalitetsutvikling og eit godt arbeidsmiljø
  • Ein fin ny barnehage med variert uteareal, samt at barnehagen har eit nærmiljø som gir rikeleg moglegheiter for turar utom barnehagearealet
  • 5 ordinære avdelingar
  • Eigen kjøkkenassistent
  • Lønn etter PBL tariff
  • IA bedrift

      

Den som blir tilsett må legge fram politiattest før ein begynner.

Norsk Luthersk Misjonssamband eig og driv barnehagen gjennom NLM- barnehagene AS.

    

For spørsmål eller meir informasjon ta kontakt med dagleg leiar tlf.: 47663351

Info om barnehagen finn du på: http://tryggheimbarnehagevatne.blogspot.com/

  

Send søknad og CV til: tryggheim.vatne@nlmbhg.no

      

Søknadsfrist: snarast og innan 01.08.18.

Tiltredelse: 01.12.18


Dagens bibelsitat

Kol 4:2 Vær vedholdende i bønnen, så dere våker i den med takk til Gud.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.