Lærar i idrettsfag - Vestborg vgs

Vestborg vgs startar opp med idrettsfag, og søkjer lærar i idrettsfag som vil vere med på å utforme og bygge opp dette fagtilbodet.

Vestborg VGS. er ein kristen vidaregåande skule med internat som ligg i alpebygda Stranda på Sunnmøre. Skulen er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband og er ein  NLM-vgs skule.

Studieretningane ved Vestborg VGS er idrettsfag, studiespesialisering og påbygging. Skulen har om lag 90 elevar frå store delar av landet, og dei fleste bur på skulen sitt internat. Dei tilsette tek del i tilsynsordning og sosialpedagogisk arbeid i internatet. Mykje info om skulen på www.vestborg.no

  

August 2018 startar Vestborg vgs opp med første klasse med idrettsfag. Hovudfokuset blir på topptur, stisykling og kajakk (friluftsliv), i tillegg til volleyball og anna ballsport (breiddeidrett). Den som blir tilsett vil få vere med å utforme og bygge opp eit unikt fagtilbod ved skulen.    

   

Vi søkjer no:

Lærarar i idrettsfag

100% fast undervisningsstilling innan idrettsfag. Kan også kombinerast med andre fag.

  

Viktig oppgåve i tillegg til undervisning blir å planlegge og promotere satsinga på idrettsfag. Stillinga er frå 01.08.18, men med moglegheit for start allereie 01.05.18 for å kunne vere med i planlegginga.

     

Vi søkjer etter ein godt kvalifisert lærarar, gjerne med undervisningserfaring frå idrettsfag. Erfaring/utdanning innan friluftsliv blir vektlagt. Den som blir tilsett vil samarbeide i eit tett og godt kollegium.

   

Lønn etter KS regulativ.

    

Vi ynsker tilsette som kan identifisere seg med skulens verdigrunnlag og som ynskjer å jobbe for den kristne målsetjinga, ta del i sosialpedagogiske oppgåver og det kristne arbeidet.

Dei som blir tilsett må levere politiattest.

   

For spørsmål eller informasjon kontakt rektor Geir Magne Engås, gengas@vestborg.no tlf. 41292462

    

Søknad, CV og referansar kan sendast til:

Hevsdalsvegen 11, 6200 Stranda – epost: info@vestborg.no  

     

Søknadsfrist: 01.12.2017

Tiltredelse: 01.05.18 eller 01.08.18 etter avtale


Dagens bibelsitat

Sal 34:8 Herrens engel slår leir rundt omkring dem som frykter ham, og han frir dem ut.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.