Rektor - Vestborg VGS

Frå 1. august 2018 treng Vestborg VGS rektor i 2 års vikariat.  

Vestborg VGS. er ein kristen vidaregåande skule med internat som ligg i alpebygda Stranda på Sunnmøre. Skulen er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband.

Studieretningane ved Vestborg VGS er studiespesialisering, påbygging, samt idrettslinje frå hausten 2018. Skulen har i dag om lag 90 elevar frå store delar av landet, og dei fleste bur på skulen sitt internat. Dei tilsette tek del i tilsynsordning og sosialpedagogisk arbeid i internatet. Mykje info om skulen på www.vestborg.no

     

Vi søkjer no:

Rektor

Spennande rektorstilling i 2 års vikariat

      

Rektor er pedagogisk og administrativ leiar for heile skulens verksemd.

    

Vi søker ein engasjerande og visjonær leiar som:

  • Har fokus på høg fagleg kvalitet
  • Har leiarerfaring og eigenskapar som kan fremje samarbeid, trivsel og god kommunikasjon
  • Har relevant høgare utdanning og pedagogisk kompetanse
  • Kan identifisere seg med og fremje skulens målsetjing og det kristne grunnlaget for skulen

         

Vestborg er inne i ei spennande tid med satsing på idrettslinje med breddeidrett og friluftsliv frå hausten 2018. Skulen treng difor ein samlande leiar som kan vere ein aktiv pådrivar i den nye satsinga og samtidig sikre høg kvalitet og god gjennomføring av skulens øvrige drift.

       

Personlige eigenskapar vil verte vektlagt.

Lønn etter NLM sitt regulativ for skuleleiarar.

   

For spørsmål eller informasjon kontakt styreleiar Alfred Reitan, post@areitan.com tlf 957 55 620

     

Søknad, CV og referansar kan sendast til: info@vestborg.no       

       

Søknadsfrist: 10. januar 2018

Tiltreding: 1. august 2018


Dagens bibelsitat

1Kor 12:26 Om ett lem lider, da lider alle lemmene med. Og om ett lem blir hedret, da gleder alle lemmene seg med.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.