> NLM / Norge / Region nordvest / Nyheter / Apekattar med teft for bananer



Apekattar med teft for bananer

Hele familien samlet. Foto: Privat

Vi brukar stort sett å huske å late att ytterdører og vindauge på huset. Ein dag glapp likevel den innarbeida rutina. 

Då var apekattane ikkje seine med å smyge seg inn vindauget og stjele ein heil klase med bananar. På fluktruta ut att klarte dei også å knuse ein mugge Margareth hadde tatt med frå Norge. Det er litt andre utfordringar her i Kenya enn heime på Stranda, men det gjer det også kjekt og spanande.

Etter at vi landa i Nairobi 4. august har vi funne oss godt til rette både borna og vi vaksne. Vi tok fly ilag med familien Ohma frå Volda og er no naboar på tomta. Borna har verkeleg funne tonen og leikar fint ilag frå morgon til kveld. Fellesskapet på tomta er fint og familiebønnemøte torsdagane er eit høgdepunkt. For nokre veker sidan var det vår tur å ha bønnemøte, og det var kjekt å fylle opp stua med flotte folk og være ilag og be for kvarandre, misjonærane på felt og familie og vener i Norge. Vi avslutta på godt misjonsvis med mat og kaffe.

Ulike skoler

Elida og Eskil går på NCS (den norske skulen) og trivast veldig godt. I Elida si klasse er det 4 stk. og i Eskil si klasse er dei 3 stk. På skulen har dei hatt aksjonsdag og samla inn pengar til ein skule i slummen. Dei besøkte skulen og fekk eit innblikk i eit anna liv enn dei sjølve er vande med. Dette gjorde inntrykk og iveren etter å samle inn pengar på aksjonsdagen var stor.

Tobias går på West Nairobi school og trivselen er høg. Dette er ein amerikansk higschool som ligg omlag 15 minutts køyretur unna. Dei er 4 elevar frå tomta som går der. Her blir ein tvungen til å lære seg godt engelsk, dersom ein snakkar norsk i friminutta kan ein risikere å få gjensitting.

Markus går på Fjellhaug og skal til Indonesia i 5 månader i vinter. Var veldig kjekt å ha han eit par veker her på haustferie. Neste gang han kjem til Nairobi har det blitt påske.

Planlegger Teft Familie

Vi vaksne har starta jobben med Teft Familie. Denne hausten går med til planlegging og tilrettelegging for nye familiar som skjem 1. januar. 3 nye hus og eit skulebygg er under bygging, alt skal stå ferdig og klart til bruk 1. januar. Tida har vi også brukt til å reise litt rundt og bli kjende med dei vi skal samarbeide med. Både Pokot og Masai-land har vi besøkt. Kjekt å bli betre kjendt med både folk, natur og kultur. 

 

Elles så gler vi oss også veldig til familien Johansen frå Vestnes kjem som deltakera på Teft Familie i januar, det blir stas! Vårkullet er heilt fullt, men der er nye muligheter frå neste haust og våren 19. Hadde vore veldig kjekt med enda fleire frå region Nordvest! Hint, hint :)

Gode misjonsklemmer frå Elida, Eskil, Tobias, Margareth og Geir Magne


Leir NLM Region Nordvest

Her ligger oversikt over leirene i region nordvest som er klare for påmelding. For oversikt over alle leirer og arrangement, se under

Arrangement

Dagens bibelsitat

Sal 96:1f Syng for Herren en ny sang! Syng for Herren, all jorden! Syng for Herren, pris hans navn! Forkynn fra dag til dag hans frelse!

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.