> NLM / Norge / Region nordvest / Nyheter / Bak skyene er himmelen alltid blå



Bak skyene er himmelen alltid blå

I dag fekk eg 20 minutt med sol over skydekket. Etter ein heller regntung hauststart var det fantastisk å kjenne sola slå mot ansiktet mitt. Det var noko som greip inn i det innerste til margen i meg.

På Karsten og Petra, eit barnetv program som er for barn, så syng dei ein song med ei strofe som går slik "bak skyene er himlen allti' blå, det er godt å tenke på". Sannelig. Det er godt å tenke på, songen ropar håp inn til barnehageungar over heile landet som kanskje har ein "regntung" dag, og godt er det!

Men denne morgonen, når sola treff meg, tenker eg på han som er meir enn ein blå himmel, meir enn solskinn etter regn, meir enn godt ver. Han som skal stå der, når sol, skyer, regn og himmel skal over i ein ny fase. Han som har sagt att han alltid er med, han som har lova, ikkje bare at alt skal bli bedre, men at alt skal bli godt.

Han trur eg på, og så takker eg han og prisar han, når han tek meg over skydekket eller lar meg bade i solskinn. Og så gler eg meg over at eg ein dag skal vere der han er for alltid med evig sol og lys! Tru han, følge han og tilbe han! Ta imot hans løfter til deg og meg.

Natt skal det ikkje vera meir, og dei treng ikkje lys av lampe eller av sol, for Herren Gud skal lysa over dei. Og dei skal herska som kongar i all æve. Johannes' openberring 22:5

Mvh ein som er på veg ned i skodda igjen ;)


Leir NLM Region Nordvest

Her ligger oversikt over leirene i region nordvest som er klare for påmelding. For oversikt over alle leirer og arrangement, se under

Arrangement

Today's Quote

Sef 3:17 Herren din Gud er midt iblant deg, en helt som frelser. Han fryder seg over deg med glede, han tier i sin kjærlighet, han jubler over deg med fryderop.

Share


This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.