> NLM / Norge / Region nordvest / Nyheter / Fra Bølandet til Indonesia



Fra Bølandet til Indonesia

Lidvar og Mariann med vesle Sofie. Foto: Privat

Familien Espeseth reiste til Indonesia i september.

Mariann og Lidvar Espeseth reiste til Indonesia i september, dei er i gang med å lære språket indonesisk, og skal etter planen vere ferdig med det til neste summar.  Dei bur no i byen Bandung med ca. 5 millionar innbyggjarar.  Mariann er frå Randaberg og er utdanna sjukepleiar, Lidvar er frå Bølandet i Herøy, han er utdanna ingeniør. Dei har jenta Sofie som er 1 år.

Det er ikkje avklart kvar dei skal bu og kva oppgåver dei skal inn i etter endt språkstudie, men det vert oppgåver knytt til diakoni og bistand. «Vi ynskjer å formidle evangeliet om Jesus i ord og handling, og trur og håper at vi får god anledning til det i eit diakonalt prosjekt», seier dei.

No har dei fullt fokus på å lære språket slik at dei kan byrje å kommunisere og få kontakt med indonesarar.

Dei ynskjer forbøn om at dei må vere friske, lære språket og kome i kontakt med folk slik at dei kan dele Guds ord med dei.


Leir NLM Region Nordvest

Her ligger oversikt over leirene i region nordvest som er klare for påmelding. For oversikt over alle leirer og arrangement, se under

Arrangement

Dagens bibelsitat

1Kor 15:55 Død, hvor er din brodd? Død, hvor er din seier?

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.