> NLM / Norge / Region nordvest / Nyheter / Gledesdag i Japan



Gledesdag i Japan

Dei nydøypte ilag med misjonær Arni Hukari frå Finland (FLM) i Awaji kyrkje. Han er andre generasjons misjonær i Japan. Foto: Naoto Hashimoto

Den unge studenten Naoto bestemte seg for å bli ein kristen under eit opphald på Sunnmøre sommaren 2002. På påskedag i år vart svigerforeldra hans døypte!

1. påskedag vart eit godt vaksent ektepar døypt i Awaji evangelisk lutherske kyrkje sørvest for Kobe. Dei har i fleire år sett på dotter og svigerson som begge er kristne.

Svigersonen har også nokre av dykk møtt her i Norge. Han heiter Naoto, og var på besøk i Norge sommaren 2002. Etter den turen vart han ein kristen, og vinteren 2010 var han tilbake for å takke.

I 2011 gifta han seg med ei jente, som også var blitt ein kristen i studietida, etter ein periode i personleg krise.

No har også foreldra hennar kome til tru på Jesus.

 

Dottera blei forandra

Mora fortel at ho hadde sett dottera bli positivt forandra etter at ho byrja å gå i kyrkja, så ho lurte på kva som hadde skjedd.

– For kvar gong vi møtte Hiroko, var ho lettare til sinns. «Blir ein frisk av å gå i kyrkja? Kva er dette?» undrast eg. Eg fekk trang til å forstå Bibelen sjølv. Korleis kan dei kristne tru så sterkt på Kristus?

– No har eg erfart at Gud kjenner hjartet mitt, og eg kan ikkje røme frå han. Han har kjent meg frå eg var liten. Eg vil gjerne vere med og formidle evangeliet til andre, seier Kaori Nozaki.

 

Ektemannen Shun fortel at det er møtet med Bibelen som har forandra livet hans:

– Før var det jobben og musikken som ga livet mitt meining og glede, men livet mitt vart forandra då eg byrja å lese i Bibelen. Eg hadde også tidlegare lese litt i Bibelen, men det var først i fjor at eg byrja å lese for alvor.

– I løpet av førebuinga til dåpen vart eg overvelda av at Guds kjærleik og nåde til meg var så mykje større enn alle spørsmåla mine. Eg har opplevd glede over at forholdet mellom meg og Jesus Kristus har vorte djupare, sa Nozaki i helsinga si etter dåpen.

  

Halleluja!

– Men vi er framleis berre baby-kristne, så vi forstår ikkje så mykje enno, skriv denne vaksne mannen til meg.

– Ja, dette er stort! Dei som før fornekta Gud, ønskjer no å fortelje om Jesus til dei som ikkje kjenner han, skriv svigersonen Naoto i ein e-post.

Kan vi våge oss med eit lite «halleluja!»?

Ja – Halleluja!


Leir NLM Region Nordvest

Her ligger oversikt over leirene i region nordvest som er klare for påmelding. For oversikt over alle leirer og arrangement, se under

Arrangement

Dagens bibelsitat

Kol 1:27 For dem ville Gud kunngjøre hvor rik på herlighet dette mysteriet er blant hedningefolkene, det er: Kristus i dere, håpet om herlighet.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.