> NLM / Norge / Region nordvest / Nyheter / Kairos held koken



Kairos held koken

Kairos på Vestheim i september. Foto: Ole Audun Os

Det er alltid med ei viss spenning vi samlast til øvingshelg for ungdomskoret Kairos. Spenning kan det vere på mange måtar, - blir det ei bra helg, får vi til songane, vil folk trivast, får vi gode bibelsamlingar osv. Men i den siste tida har spenninga handla mykje om vi verkeleg blir mange nok til å vere det koret og det miljøet vi ynskjer. Første øvingshelga i haust var vi om lag 25 alt i alt. Det er ein god del færre enn vi har brukt å vere. Men helga var god og opplevinga var at dette kan vi satse på sjølv om vi ikkje skulle bli fleire. I november kom vi saman til ny øvingshelg på Vestheim.  Glade kunne vi sjå at flokken no hadde auka til rundt 45.

Kairos har ein stabil gjeng med gode og dyktige leiarar. Dei er verkeleg ryggrada i dette arbeidet. Så er det å håpe at vi kan halde fram med Kairos, som har betydd og betyr så mykje for mange ungdomar. Det faste innslaget med delekveld på laurdagane, der ordet er fritt, viser ofte kor viktig det er for ein ungdom å ha eit kristent fellesskap. Og vi som får gå litt saman med desse ser korleis dei veks og utviklar seg som kristne og som menneske.

 Aktivitetane er mange når vi samlast for at flest mogeleg skal trivast. Men korbiten og det musikalske er kjempeviktig. Det blir satsing på det framover. Før neste øvingshelg i januar skal dirigent og musikarar coachast og drillast. Dei er nøkkelpersonar som gjer ein flott innsats. Det er all grunn til å gle seg til neste samling med Kairos. Nokon fleire som har lyst til å vere med?

Kairos song på møte på Sjøholt i november


Leir NLM Region Nordvest

Her ligger oversikt over leirene i region nordvest som er klare for påmelding. For oversikt over alle leirer og arrangement, se under

Arrangement

Dagens bibelsitat

1Kor 12:26 Om ett lem lider, da lider alle lemmene med. Og om ett lem blir hedret, da gleder alle lemmene seg med.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.