> NLM / Norge / Region nordvest / Nyheter / Misjons- og utreisefest



Misjons- og utreisefest

Her er hele familien samlet. Foto: Privat

Familien Ohma reiser til Kenya til høsten. Marita og Gunstein skal være lærarar på den norske skulen.

Søndag 6. mai, vert ein stor dag i Ørsta/Volda misjonsforsamling. Denne dagen ynskjer vi å ha ein misjonsfest for heile familien og vi vil invitere alle som ynskjer å kome frå heile regionen! Til hausten reiser familien Ohma, som høyrer til forsamlinga vår, ut til Kenya. Dei skal gå inn i oppgåver som lærarar på skulen der, og vi vil nytte anledninga til å løfte fram arbeidet som vi som forsamling får vere med på.

Familien Ohma vil bidra i møtet og dele tankar omkring utreise og nokre forventingar til oss heime. Vi skal og få bli litt betre kjent med Kristin og Christoffer Redse Nævdal, gjennom eit «misjonærbrev».  Dei skal reise til Japan i år, og vi får høyre litt om kva oppgåver dei skal inn i. I løpet av møtet vil vi legge desse familiane og tenesta deira fram for Gud i bøn.

I tillegg til dette vert det song, andakt og høve til å gje ei gåve til arbeidet. Rykta seier og at det er ein blå skapning med rødt hår og briller som kjem til å besøka oss denne dagen. Etter møtet vert det kaffimat og høve til å bli betre kjent med familien Ohma og andre som høyrer til i forsamlinga.

ØVM ynskjer at misjon skal ver noko som pregar forsamlinga vår på alle vis, og gler oss difor over å få ha et så spissa fokus denne dagen. Festen startar 11:00 og kvar og ein er hjarteleg velkommen!

 


Leir NLM Region Nordvest

Her ligger oversikt over leirene i region nordvest som er klare for påmelding. For oversikt over alle leirer og arrangement, se under

Arrangement

Dagens bibelsitat

Sal 84:6 Salig er det mennesket som har sin styrke i deg, de som har sitt hjerte vendt til de jevne veier.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.