> NLM / Norge / Region nordvest / Nyheter / Nye undervisnings-tilbod!



Nye undervisnings-tilbod!

Frå hausten tilbyr Vestborg elevane sine «Internasjonalt program» og «KRIK-program».

Rektor Geir Magne Engås gler seg over å offentleggjere dei nye tilboda skulen har.

– Vi er veldig glade for at vi til hausten kan tilby desse programma til elevane, seier han.

Engås skildrar programma på følgjande måte:

– Undervisninga i «Internasjonalt program» vil vere på engelsk. Vi har vald å setje fokus på Tanzania. Målet med programmet er å utvikle god kompetanse i geografi, kultur, sosiologi og humanitært arbeid, samtidig som ein vil leggje vekt på skape engasjement for NLM sitt misjonsarbeid. I vinterferien neste skuleår dreg IP-klassen til Kiabakari i Tanzania. Der vil dei delta i ulike oppgåver, som til dømes å vere engelsklærarar.

– I «KRIK-programmet» vil vi dra nytte av naturen som omgir Vestborg. Vi arbeidar saman – som første vidaregåande skule – med KRIK. Mellom anna har vi pudderalarmgaranti. Det vil seie at når pudderalarmen går på Strandafjellet skisenter, så vil elevane på dette programmet kunne reise opp i trekket ved til saman seks dagar i løpet av ein vinter. Dessutan får dei årskort i anlegget for halv pris. Gjennom skuleåret vert det også surfing ved Hoddevika på Stad, toppturar i Sunnmørsalpane, padletur i Geirangerfjorden og klatring. Det vert også gitt undervisning i leiartrening både i teori og praksis.


Leir NLM Region Nordvest

Her ligger oversikt over leirene i region nordvest som er klare for påmelding. For oversikt over alle leirer og arrangement, se under

Arrangement

Dagens bibelsitat

Sal 118:5 Ut av trengselen kalte jeg på Herren. Herren svarte meg og førte meg ut i fritt rom.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.