> NLM / Norge / Region nordvest / Nyheter / Nytt frå Vestnes og Vestheim



Nytt frå Vestnes og Vestheim

Eit strålande sommarver gav oss ei flott ramme rundt regionårsmøte på Vestnes siste helga i mai

Eit strålande sommarver ga oss ei flott ramme rundt regionårsmøte på Vestnes siste helga i mai. Det var også starten på  innhaldsfylte  veker på Vestheim med arrangement kvar helg heile juni.

For fjerde gong sidan nittitalet var årsmøtet lagt til Vestnes. Sist vi var samla til årsmøte her var i 2011.  Det var første gongen som region Nordvest. Under årets regionårsmøte fekk vi verkeleg oppleve nytta av eit nyrenovert kjøkken med blant anna to nye kombidamparar.  Med ein flokk gode hjelparar var vi i stand til å levere maten til årsmøtet i Vestneshallen. Dette utgjorde også verdifulle kroner til Vestheim.

 

Vestheim som forsamlingshus/plass

I februar vart Vestnes bedehus ramma av ein omfattande vasslekasje.  Etter det har Vestheim fungert som forsamlingslokale for alt det som før skjedde på bedehuset. I vekene går dette greit.   Det blir ein og annan kollisjon i helgane. Det har vi så langt løyst med å besøke nabobygder. Frå hausten av får vi endå ein aktivitet inn på Vestheim.  Då blir Vestnes pensjonistforening sine møte også lagt til Vestheim.

Også utandørs er det fleire som har glede av Vestheim.  I fleire år har Vestnes KRIK hatt Vestheim som base for sine uteaktivitetar, særleg då knytta til sjøen. Dette har vi også glede av.  Akkurat nå set KRIK opp badestamp nede ved sjøen.

Denne veka blir sandvolleyballbana oppgradert med 18 m3 med ny flott sand. Her gjer ein gjeng volleyballglade ungdommar jobben med å spre utover sanden mot at dei får bruke bana.

Vestheim er veldig fysisk. Samtidig har vi eit mål som «ikkje er av denne verda» for å bruke Jesu eigne ord til Pilatus. For at Vestheim skal kunne vere ein reiskap for å bygge dette «riket» som Jesus snakka om, treng vi mange som er tent av Jesus  og som er med i arbeid og bøn.


Leir NLM Region Nordvest

Her ligger oversikt over leirene i region nordvest som er klare for påmelding. For oversikt over alle leirer og arrangement, se under

Arrangement

Dagens bibelsitat

Kol 4:2 Vær vedholdende i bønnen, så dere våker i den med takk til Gud.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.