> NLM / Norge / Region nordvest / Nyheter / Stor påmelding til Krasp



Stor påmelding til Krasp

Krasp Sør har øvingshelgene sine på Møre barne- og ungdomsskule, Herøy. Foto: Ole Audun Os

Bortimot 100 kraspere var samlet i helgen på Vestheim og Møre, Herøy

Krinsaspirantkora i regionen (vi kan ikkje kalle dei regionaspirantkor, det blir RASP) har hatt pangstart på hausten. Det er fleire år sidan påmeldinga har vore så stor. Nesten 100 møtte fram tilsaman i dei to kora. Ei prøveordning dette året med å ønskje 5.klassingar velkomne, slo ut ein god del for KRASPnord. Dei hadde eit par år med kun jenter i koret, no er det ein god gutegjeng både i KRASPnord på Vestheim og KRASPsør som samlast på Møre barne- og ungdomsskule i Herøy.

Silje Berg Straume er ny hovudleiar i KRASPnord og er full av lovord om helga.  Hildegunn Fylling, mangeårig leiar i koret, seier at Jesus gav dei ein så fin raud tråd gjennom alt som skjedde i helga.  Etter at ei av leiarane hadde hatt andakt på fredag, kom ei jente så glad og sa at «ho las favorittverset mitt i Bibelen! Det har eg lyst å lese på laurdag!»  Det gjorde ho, og laurdagskvelden vart det fleire som hadde lyst å lese sine favorittvers. 

I KRASPsør fekk kormedlemene høyre om Matteus og Sakkeus sin veg til Jesus - og dirigenten, Lea Sofie Langstøyl Ulstein, fortalde om sin veg. Laurdags kveld var det nesten ikkje ende på underhaldningsinnslag og moro.  Men kanskje var det like kjekt med dei fine samtalane vi hadde i gruppemøta, både i sør og nord. Koret i sør er takknemlige for det gode samarbeidet med Møre barne- og ungdomsskule.  Den fine gymsalen er eit stort pluss. Og så må vi få nemne at det blir meir musikk i koret:  Ein gut er klar med trombone og ein på trommer!

 Andre helga i november samlast KRASP igjen, og det er framleis plass til nye som går i 5.-8. klasse.  Vi gler oss også til siste helg i mai neste år.  Då blir ungdomskoret KAIROS med og alle tre kora stiller på NLM sitt regionmøte på Ålesund Folkehøgskole (Borg).


Leir NLM Region Nordvest

Her ligger oversikt over leirene i region nordvest som er klare for påmelding. For oversikt over alle leirer og arrangement, se under

Arrangement

Today's Quote

Sef 3:17 Herren din Gud er midt iblant deg, en helt som frelser. Han fryder seg over deg med glede, han tier i sin kjærlighet, han jubler over deg med fryderop.

Share


This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.