> NLM / Norge / Region nordvest / Nyheter / Til oppmuntring og glede



Til oppmuntring og glede

Unge og gamle fyllte stua til samling om Levande tru.  Foto: Lars Petter Ødegård

Alle stoler måtte fram, kun pianokrakken som var ledig denne kvelden.

På Ålvundeid i Sunndal kommune er det tradisjon med husmøte torsdag kveld som ei del av møteveka i kommunen.

Håpet var at vi kanskje skulle klare å fylle hjørnesofaen heime hjå Marit og Hallvard Magerøy, men denne gongen måtte begge sofagruppene takast i bruk og til slutt måtte også pinnestolane frå kjøkkenet ut i stova.

Kun pianokrakken vart ståande ledig denne kvelden. Til saman var vi 21 store og små som fann veien opp til familien Magerøy for å høyre frå Kolossarbrevet og etterpå kose seg med kaffe, snittar, lefser og kaker.

I tider med mykje mismot og tankar om at vi skulle vore så mange fleire samla, er det gledeleg også kunne få dele positive opplevingar rundt omkring i regionen vår. Ja, vi er ofte få kristne i kvar grend og få som samlast på bedehuset, men om folk sluttar opp om møta i nabobygdene, vert det til slutt store fellesskap av bødre og søstre. Slik vi var så heldige å få oppleve torsdag kveld. For meg vart det ei stor velsigningog eg vil oppfordre deg som lesar til å prøve det same i ditt lokaldistrikt, kanskje i løpet av mars? Å besøke andre fellesskap trur eg vil verte oppløftande både for deg sjølv og dei som arrangerar.

Elles vil eg nytte anldninga til å minne om at bibelhelga på Solhøgda startar i kveld (2. mars) og at opningsmøte v/Egil Sjaastad er kl. 2000. Det vert fleire bibeltimar gjennom helga og dei er åpne for alle, så ta gjerne turen innom Solhøgda om du har anledning.


Leir NLM Region Nordvest

Her ligger oversikt over leirene i region nordvest som er klare for påmelding. For oversikt over alle leirer og arrangement, se under

Arrangement

Dagens bibelsitat

Sak 9:9b Se, din konge kommer til deg. Rettferdig er han og full av frelse, ydmyk er han og rir på et esel, på den unge eselfolen.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.