> NLM / Norge / Region sør / Nyheter / ULTRA – Nytt leiartreningsprogram...



ULTRA – Nytt leiartreningsprogram for unge

Mange unge forlet det kristne fellesskapet i den tida dei for alvor tek steget ut i vaksenlivet. Grunnane til dette kan vera forskjellige, og ikkje alltid så lette å få auga på.

I Region sør ønskjer me å utrusta unge til ei robust kristentru som tåler livet, og til teneste i ulike arbeidsgreiner i Guds rike. Me er takksame for at me kvart år har kontakt med mange flotte ungdommar gjennom ulike delar av arbeidet vårt. Det er ein stor rikdom og eit privilegium!

Hausten 2018 vil me utvida konfirmanthelgene til også å tilby leiaropplæring til ungdommar i aldersgruppa 15–19 år. Her vil tema som identitet, samfunnsengasjement, bibelske leiarmodellar og leiing i praksis bli tatt opp og belyst av personar frå kristent arbeid og samfunnsliv. Målet er at dei gjennom desse samlingane skal finna sin plass som borgarar av Guds rike og som disiplar av Han.

Di gåve til misjonsarbeidet er med på å verkeleggjera at unge blir bevart både i tru og teneste. Kontonummer som kan nyttast er 8220 02 90131 (Då får du også rett på skattefrådrag om vi har ditt personnummer) eller på VIPPS 51324. Takk for gåva!

Brit Kari Urdal ungledar i Region sør


Dagens bibelsitat

Sal 84:6 Salig er det mennesket som har sin styrke i deg, de som har sitt hjerte vendt til de jevne veier.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.