> NLM / Norge / Region vest / Nyheter / Misjonstivoli for Mongolia



Misjonstivoli for Mongolia

Alle foto: Danielsen Frekhaug

Ein vert aldri for gammal for leik og moro på tivoli! Det kunne ein lett sjå då Danielsen Ungdomsskule på Frekhaug arrangerte det årlege ”misjonstivoliet” til inntekt for eit misjonsprosjekt i Mongolia. Og tivoli vart det, rett nok utan pariserhjul, radiobilar og berg- og dalbane, men med mykje anna moro å prøve seg på.

På Danielsen har dei for tida eit treårig misjonsprosjekt i Mongolia, drive av NLM. I tillegg til at alle elevane får lære meir om tilhøva for born og unge i det store landet i aust, får nokre heldige elevar vere med til Mongolia til våren for å få sjå prosjektarbeidet med eigne auge. Gjennom året samlar elevane inn pengar på ulike måtar, som t.d. misjonsløp, misjonsaksjonsdag og kakesal.

   

Nestekjærleik, misjon og moro

Siste torsdagen i oktober var det altså ”misjonstivoli” som stod på programmet på skulen. Her fekk dei over 300 besøkande prøve seg på gamle klassikarar som pilkast, luftpistolskyting og svampekast, eller kose seg med hot dog, kake og kaffi i den vesle kaféen. Andre fann tid til å bli sminka av elevar, prøve lukkehjulet eller vere med på sporløp.

For kvar aktivitet var det ein liten sum å betale, og alle inntektene gjekk til prosjektet i Mongolia. I ei felles misjonssamling fekk tilhøyrarane vite meir om kvifor skulen er med på eit slikt prosjekt. Nestekjærleik, misjonsbefalinga og ansvaret for dei som ikkje har det så godt som oss, var noko av det som vart nemnd.

Dei som hadde kjøpt lodd i hovudlotteriet var nok ekstra spente då det til slutt vart trekning av kven som stakk av med dei mange flotte gevinstane.

   

Kjempeinnsats

Elevar frå valfaget ”Innsats for andre” levde opp til namnet denne dagen. Dei gjorde nemleg ein kjempeinnsats med organisering og gjennomføring av mange morosame aktivitetar. Mange av dei hadde fått tak på gevinstar, baka kaker eller var med i kaféen.

”Det var ganske mykje jobb rett før misjonstivoliet, men det var heilt klart verdt det,” seier Sarah Monstad, Anna Langeland Johansen og Henriette Norheim. ”Det var kjempekjekt at det kom så mange, og vi håper dei hadde det gøy – vi syntest i alle fall det var ein bra kveld!”

 

Sarah Monstad, Anna Langeland Johansen og Henriette Norheim.

  

Skulen vil óg rette ein stor takk til foreldre og andre støttespelarar for alle gode bidrag.  Når til og med regnet heldt seg unna desse to timane, vart det ein særs vellukka kveld til inntekt for Mongolia.


Dagens bibelsitat

Sal 34:8 Herrens engel slår leir rundt omkring dem som frykter ham, og han frir dem ut.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.