> NLM / Norge / Region vest / Nyheter / Nye barne- og ungdomsarbeidarar



Nye barne- og ungdomsarbeidarar

I haust har har ein fått fleire nye barne- og ungdomsarbeidarar. Me er takknemlige for å få dei med i arbeidsflokken og oppmodar til ta dei med i bøn.

Aud Marit Ramberg er tilsett som barne- og ungdomsarbeidar i Fjordane, 20 % stilling. Ho skal mellom anna delta på leirar i området og møte frivillige i ulike lag og foreiningar. I tillegg til arbeidet i regionen tek Aud Marit lærarutdanning medan ho arbeider på barneskulen.

Eivind Fauskanger Ekberg er tilsett som barne- og ungdomsarbeidar i 20 % stilling. Han har gått på Bibelskolen i Grimstad og vore eittåring i Molde Domkirke før han no tek til i stillinga i regionen. Her skal han delta på leirar og besøke barne- og ungdomslag rundt i regionen. Ellers studerer Eivind teologi på NLA.

Ragnhild Naterstad er tilsett som barne- og ungdomsarbeidar i 20 % stilling. Ho skal hovudsakleg vere med på leirar, både som leirsjef og bibeltimehaldar, samt vere med å iverksetje NLM-Ung sitt nye program for leiartrening. Ho har tidlegare vore elev og eittåring ved Fjellheim Bibelskole og studerer no Praktisk teologi og ledelse ved NLA.


Dagens bibelsitat

Rom 6:8 Men døde vi med Kristus, da tror vi at vi også skal leve med ham.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.