> NLM / Nyheter nlm.no / Dei ville ta imot kongen



Dei ville ta imot kongen

Det var stor stemning på fellesgudsteneste på skulen El Mirador i Arequipa palmesøndag. Og åtte stykk ville ta imot Jesus!

Palmesøndag var det fellesgudsteneste på skulen El Mirador, som ligg to steinkast frå skulen Diego Thomson, og kyrkja som eg går i, i Arequipa.

Det skulle starte kl 10.00, PRESIS. Eg og ei frå kyrkja kom 10.05, og det var tomt i benkeradane. Ikkje noko uvanleg det, så me nytta tida til å prate med dei få som var der, og 45 min etterpå var møtet i gong.

  

Påskestemning utan påskesongar 

Eg såg mange som ikkje vanlegvis går i kyrkja, men som bur i nærleiken av skulen. Det var også det dobbelte av barn her denne dagen. Mange av lærarane på skulen går ikkje fast i noko kyrkje, også dei kjem gjerne på alle arrangement som skulen har. Her gjeld det å støtte skulen.

Som vanleg starta me møtet med song. Sjølv om me ikkje song «hvorfor valgte du en eselfole, Jesus», eller andre påskesongar, vart det god påskestemning av palmane dei hadde pynta med denne dagen.

  

Utsikten frå skulen El Mirador

  

Åtte stykk tok imot kongen for fyrste gong 

Andakten vart halde av pastoren. Han fortalte om kvifor Jesus måtte kome til jorda, og at han denne dagen kom ridane på eit esel, som ein konge, men som ein audmjuk konge, som aldri trengjer seg på. Han kom for å vere konge i hjarta våre.

Til slutt gav han ei konkret utfordring til dei som var der, om å ta opp handa viss nokre ville ta imot kongen i sitt hjarte for fyrste gong. Åtte tok opp handa. Dei vart bedd for av forsamlinga, og deretter hadde dei lita samling der dei la ein plan for oppfølging. Fantastisk å sjå at menneske framleis tek imot Jesus!

Ver gjerne med å be for både skulane, at dei kan få vere ein stad der foreldre og barn får bli med kjent med Jesus, og ta imot han som sin konge.


Øst-Afrika

I Øst-Afrika vil NLM gi mennesker både rent drikkevann og levende vann i Jesus.

Les mer | Bli fast giver

En flunkende ny forsamlingssal ble innviet i Kristiansund søndag. Salen ligger vegg i vegg med NLM Gjenbruks store butikk i byen.

NLMs arbeid i Indonesia ble berørt av et kraftig jordskjelv som rammet flere øyer søndag. Ifølge BBC er 91 personer rapportert døde.

Morten Eikli ser tilbake på en festivaluke med varmerekord, flere deltakere, uredd forkynnelse, misjonærinnvielse og ny lovsang.

Dagens bibelsitat

2Tim 2:22 Fly fra ungdommens lyster! Og jag etter rettferdighet, tro, kjærlighet, fred med dem som påkaller Herren av et rent hjerte!

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.