> NLM / Nyheter nlm.no / Ein glad misjonær



Ein glad misjonær

Ingebjørg Hildre sammen med Aoi-chan, barnehagejenta som kjem trufast på søndagsskulen. Foto: privat

– Eg er så glad for at eg har fått vere lenge i Japan! Ja, eg har vore meir enn halve livet mitt her! seier Ingebjørg Hildre frå Sunnmøre.

Eg kan ikkje vise til imponerande statistikkar over nye kristne og mange nyplanta kyrkjelydar. Men ettersom tida har gått, har eg stadig fått glede meg over Gud sitt verk i mange enkeltmenneske sitt liv. Her er nokre av gledene mine.

       

Tre ektemenn døypt

Frå dei to åra eg gjekk i kyrkja i Aotani, medan eg var språkskulestudent (1984–1986), hugsar eg godt tre kvinner: fru Shibasaki, fru Toda og fru Nagata.

Alle hadde vore kristne i mange år og var alt då gode støtter i forsamlinga. Ektefellene syntest å vere nøgde med det, og lite tyda på at dei var søkjande, som vi seier her i Japan om dei som tenkjer på om dei skal bli kristne.

Men Guds gode Heilage Ande verka i det stille og førte kvar av desse tre mennene fram til tru. I 2008 vart herr Shibasaki døypt, og i 2016 vart herr Toda døypt. Til påske i år vart også herr Nagata døypt (faren til noverande kirkepresident)!

Eg fekk vere med på alle tre gledesdagane, sidan Aotani har vore mi kyrkje dei siste 23 åra.

    

Søndagsskuleguten som vart medarbeidar

I 1986 var eg ferdig på språkskulen og vart plassert i Kakogawa, ein by litt vest for Kobe. Fjerdeklassingen Shigeru Okazaki kom trufast på søndagsskulen, og opp gjennom åra reiste han mykje på leir og vart bevart i trua.

Han kjende på eit kall til å bli pastor. Han kunne få lov å begynne på bibelskulen, men først etter at han hadde jobba minst tre år, sa faren. Okazaki jobba i tre år. Første året eg var tilsett på bibelskulen, var han elev der. Vidare gjekk vegen til Kobe lutherske teologiske seminar.

Okazaki er blitt ein erfaren pastor, og eg gler meg over at vi no er medarbeidarar i det same kyrkjesamfunnet!

    

Shigeru Okazaki med kona og dei tre døtrene. Foto: Oddhild Gåsland

  

Engelskklasseeleven som framleis kjem til kyrkja

Ein dag i 1993 kom ei ung mor til kyrkja i Nima. Ho var blitt enke eit par år tidlegare, og no kjende ho på ei dragning mot kyrkja. Så ho tok mot til seg og kom ein dag saman med dei to gutane sine, som då var ca. to og fire år.

Ho fortalde at ho som gymnasjente hadde hatt litt kontakt med kristendommen, og at ho hadde lese litt i Bibelen.

Vi fekk god kontakt. Eg besøkte enka der ho budde saman med svigerforeldra. Ho byrja å kome på engelskklasse, der vi alltid avslutta med litt bibelundervisning. Berre eitt år etter var perioden min i Nima slutt, og eg var spent på korleis det ville gå med denne kvinna.

I dag er ho framleis ivrig engelskelev i det som no er blitt til bibelklasse på engelsk. Eg gler meg over at Guds ord er blitt sådd i hjarta hennar alle desse åra. Vêr med å be for denne kvinna, at ordet må få bere frukt! Då vil eg ha mange misjonærer og japanske medarbeidarar som deler gleda med meg.

  

Barnehagejente trufast på søndagsskulen

Aoi-chan (hovudbiletet) gjekk i Aobaen barnehage i fire år fram til mars 2012. Familieforholda var alt anna enn ryddige, men ho og ei eldre søster vart godt tatt hand om av bestemor. Aoi-chan brukte å kome til barnehagen si sommersamling, men etter at ho vart 4.klassing, såg vi lite til henne.

Til Aotani kyrkje sin barnejulefest i fjor vart det sendt ut invitasjoner til barneskuleelevar som hadde gått i Aobaen. Aoi-chan kom, og har vore på søndagsskulen så og seie kvar søndag etterpå.

No har ho byrja på ungdomsskulen, og da blir det vanskelegare å kome kvar søndag. Det har vore så oppmuntrande å sjå henne kome til kyrkje søndag etter søndag, og det ser ut til at ho har funne seg ein «heim» her.

Eg vonar eg får oppleve ei enno større glede, at Aoi-chan får ta imot dåpen!


Elsket

Vi elsker fordi han elsket oss først.

Les mer | Bli fast giver

I forbindelse med søndagens misjonærinnvielse kom det inn nesten to millioner kroner i kollekt til NLM. Totalt ble det samlet inn fem millioner kroner. I tillegg ble 50 personer nye faste givere.

– Mye rart skjer i verden for tiden, og kanskje mest utrolig er det at en pinsevenn står på NLMs generalforsamling og forkynner om luthersk teologi, sier hovedpastor Magnus Persson i United i Malmø.

– Jeg kjenner meg ydmyk overfor den oppgaven jeg nå har fått, sier Raymond Bjuland, som er valgt til ny formann i Norsk Luthersk Misjonssambands hovedstyre.

Dagens bibelsitat

Kol 4:2 Vær vedholdende i bønnen, så dere våker i den med takk til Gud.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.