> NLM / Nyheter nlm.no / Endeleg i gang!



Endeleg i gang!

Dei vil bli utrusta, betre kjende med Gud og finne ut kva Gud vil med liva deira. Endeleg er eit nytt skuleår i gang på SETELA i Peru.

Kva skjer når ein plasserer ungdom frå Boliva, Peru, Ecuador og Colombia i same hus? Det blir det spanande å sjå dette året. For akkurat no er semesteret for fullt i gang på SETELA (den teologiske institusjonen til NLM i Arequipa, Peru)

      

Elevar frå ulike lutherske kyrkjer 

Teologikullet er no inne i sitt tredje og siste år på SETELA. Bibelskulekullet har akkurat byrja og skal vere her hos oss i eitt år. I år har me 9 elevar på bibelskulen og me gleder oss til å sjå korleis året blir.

Frå våre eigne lutherske kyrkjer i Peru og Bolivia er det berre to elevar på bibelskulen. Resten er frå andre lutherske kyrkjer. Sjølv om me skulle ønska at me hadde fleire elevar frå eigne kyrkjer, er det kjekt å sjå at dei andre lutherske kyrkjene gjerne sender ungdommane sine til oss.

   

Samansveisingstur   

Førre veke var me på «samansveisingstur» til kysten med teologi- og bibelskulen. Her var det fokus på å bli kjende, utflukter og masse leik. Underteikna syns sjølvsagt det er litt seint å skulle byrje å leike kl. 21. Men det syns som regel ikkje sør-amerikansk ungdom. Leik er alltid gøy.

    

Forventningar

Når me spør dei om kvifor dei er her på bibelskulen, så svarer dei at dei er her for å bli utrusta, for å bli betre kjende med Gud og for å finne ut kva Gud vil med liva deira.

  

  

Det er oppmuntrande for oss som lærarar at dei er her fordi dei har lyst til å bli betre kjende med Gud. At me skal få lov til å gå saman med dei i ni månadar.

    

Bønneemner

Ver gjerne med og be for året på SETELA

  • For teologistudentane på siste året
  • At dei må finne meiningsfulle oppgåver etter endt studium
  • God samhold mellom lærarar og studentar
  • For Bibelskulen
  • At det må vere eit år som kan vere med og forme dei som kristne
  • At Gud må leie oss som jobbar her
  • At det må vere latter og glede og fridom i Kristus

Gler seg til oppstart av undervisninga 

Sjølv om dei hadde det kjekt på tur, så sa dei gjentatte gangar at dei ville at undervisninga skulle byrje.

Så får me håpe og be om at dei er like gira på dette kvar morgon når vekkerklokka ringer og det er morgonadakt kl. 07:30.

   


Sør-Amerika

I Sør-Amerika arbeider NLM i Peru og Bolivia. Selv om de fleste i disse landene kaller seg katolikker, er troslivet sterkt preget av folketro og fedredyrking. De færreste kjenner Jesus som frelser.

Les mer | Bli fast giver

OBS: Pga. en feil har Utsyns regionnummer 15/2018 for region nord blitt sendt til abonnenter i region Midt-Norge. Disse vil derfor få to blad i posten istedenfor ett. Det sendes ut nye blad til abonnenter i region nord, men disse blir da noen dager forsinket. Vi beklager dette!

− Det er meningsfullt at kristne forlag slår seg sammen. Da står vi sterkere, sier forlagssjef Tom Teien i Lunde Forlag AS om overtakelsen.

140 ansatte fra Norsk Luthersk Misjonssambands grunnskoler deltok sist uke på personalsamling på Ognatun på Sør-Jæren. NLM har aldri før samlet grunnskolepersonalet sitt på denne måten.

Today's Quote

Rom 14:9 Derfor døde jo Kristus og ble levende igjen, for at han skulle være Herre over både levende og døde.

Share


This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.