> NLM / Nyheter nlm.no / Fire personer – eit kristent...



Fire personer – eit kristent fellesskap

Fire tilhøyrarar og ein taler. Det er møte i Tresfjorden torsdag 10. mars. Er det meining i å samlast?

Det var ikkje store forsamlinga som møtte talaren denne kvelden. Men likevel vart det ein god kveld, med forkynning, vitnemål, song og god samtale. Takksemd til Gud og kvarandre for kristent fellesskap.

Og samstundes kjende vi på naud for bygdene rundt fjorden, at fleire må få møte Jesus og bli kristne.

  

Vil ikkje gje opp

Det er ikkje alltid at dei er så få når dei samlast. Ofte tek dei turen til kvarandre frå nabobygder. Desse fire i Tresfjorden vil ikkje gje opp i ei vanskeleg tid.

Dei gjev uttrykk for at det er viktig å kome saman og hjelpe kvarandre. Det gjev oppmuntring og nytt mot.

  

Viktig med fellesskap

Dei kan gjerne stå som representantar for mange i Region nordvest, og også monge andre plassar rundt om i landet vårt, der det ikkje alltid er så mange på kvar plass. Det er lett å trekke seg tilbake.

Men det kristne fellesskapet – samfunnet av dei heilage – er viktig. Fire i lag er mange gongar betre enn å vere heilt åleine.

Mange av desse er viktige medarbeidarar i  misjonen, med årevis av gjevarteneste og trufast forbøn for enkeltmisjonærar og misjonsarbeidet i det heile. Eg vil vere med å verdsetje dei!

  

Så trur eg det er viktig at ein kan prøve å kome saman frå fleire bygder som ikkje ligg så langt frå kvarandre. Det skjer fleire stader i regionen no, også i Tresfjord/Vestnes-området.

Då ser vi, at vi ikkje er så heilt få likevel. Og vi kan få vere til hjelp og oppmuntring for kvarandre på tvers av bygde- og organisasjonsgrenser.


Norge

I Norge driver NLM et stort og variert arbeid over hele landet. I dag satser vi også mer og mer på flerkulturelt arbeid.

Les mer | Bli fast giver

– I valgkampen er det mye munnhuggeri og lite intelligens.

MINIANDAKT: Eg er på reis i Sentral-Asia, er i hovudstaden i eit land der NLM har arbeid. Her er det mykje som er annleis enn heime i Noreg. Stemninga. Lukta. Menneska. Maten. Eg går på oppdagingsferd i gatene. 

«Det brenner en ild» er en nyprodusert musikal som framstiller Hans Nielsen Hauges (1771–1824) liv og virke. Den vises på scene i Gamlebyen i Fredrikstad i disse dager. 

Dagens bibelsitat

1Mos 2:3 Og Gud velsignet den sjuende dagen og helliget den, for på den hvilte han fra alt sitt verk, det Gud hadde skapt og ville gjøre.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.