> NLM / Nyheter nlm.no / Flaum og jordras i Cochabamba



Flaum og jordras i Cochabamba

Alle foto: privat

Tiquipaya kommune i utkanten av Cochabamba i Bolivia, der skulen «Jesus Maestro» ligg, har blitt råka av store flaum- og jordras. Ulykka er ei stor tragedie for lokalsamfunnet.

Tysdag 6. februar kl. 18:30 skjedde det som ingen trudde kunne skje: Utan forvarsel kom svære mengder med flytande masse, vatn, jord, leire og stein fossande nedover elveløpet i Taquiña-elva, som har sitt utspring langt oppe i dei høge fjellskråningane.

I løpet av kort tid vart elveløpet fylt opp av store mengder stein, røter, mm. Dermed tok elva nytt løp, og denne jordmassen fossa vidare i alle retningar i stor fart – ned gjennom gater, utover jorder, inn gjennom portar og inn i tun og hus der folk var komne heim frå jobb og skule.

   

Kaotiske tilstandar

Bølgje etter bølgje med gjørme kom nedover skråningane i bydelen i ein utruleg fart. Dei største var fleire meter høge – og dei trengde inn over alt. Ingen kunne vita kva retning denne «rasande» elva kunne ta.

I 14-15-tida dagen etter kom nye kraftige bølger veltande nedover i denne bydelen som ennå er under oppbygging. Folk prøvde å komma seg opp i høgare etasjar medan den lågaste delen av huset blei fylt opp av jordmassane på få minutt.

     

 

Katastrofe for lokalsamfunnet

15–20 hus vart øydelagde eller fekk store skadar desse dagane, fleire vart totalt øydelagde, og folk prøvde å flykta i panikk for nye bølger som kunne koma.

Nokre blei sitjande fast i gjørma som saug dei til seg, til dei forsvann. Dei siste dagane har 5–6 personar blitt grave fram og funne døde.

Mange har mista alt dei hadde: Hus, alt utstyr i huset, fjernsyn, datautstyr, bil og liknande. Dei bur no på provisoriske overnattingsplassar som kommunen har ordna med.

   

 

Arbeidar på spreng

Kort tid etter skreda satt kommunen/fylket inn tungt maskineri, og dei siste dagane har kring 40 tunge gravemaskinar jobba på spreng med å grava vekk oppfylt masse i elveløpet, slik at elva kan følgja sitt gamle løp på nytt.

I andre områder jobbar både maskinar og folk med spade og hakke for å reinska opp i hus og gater. Mange andre, både organisasjonar og private, har også stilt opp med hjelp til dei som er ramma.

At ikkje fleire omkom, ser mange på som eit Guds under. Sidan den første flodbølgja kom ein time før det vart mørkt, vart alle i området klar over faren som truga området, før dei gjekk til ro for natta.

    

 

NLM-starta skule slapp unna

I denne bydelen og nær elva ligg også skulen «Jesus Maestro» med ca. 1000 elevar. Den er bygd opp av NLM/Norad og blir administrert av ICEL-kyrkja som misjonen samarbeider med.

Skulen slapp unna det verste, berre gatene omkring er fylt av søle og stein som heile nabolaget no ryddar bort.

     

 

Framleis utrygt – be for dei ramma

Faren for nye «bølger» er ennå ikkje over, difor har folk i området organisert vakthald dag og natt lengst opp i elva slik at dei kan senda beskjed nedover straks dei observerer ein ny fare.

Eit par dagar no med sol og opphaldsvêr har dempa litt på faren. Likevel er me framleis midt i regntida (des.–mars), og mange er spente på kva som kan skje vidare. Truleg er dette den kraftigaste regntida Bolivia har hatt på meir enn 20 år.

Be gjerne Gud om å gje styrke og trøyst til dei som lid etter denne ulykka, og om hjelp og tryggleik for området i tida framover.

   


Japan

I det travle japanske samfunnet er blant annet ungdom vanskelig å nå. Men nå satser kirken på arbeid blant barn og unge.

Les mer | Bli fast giver

– En 127 år gammel organisasjon trenger å vite noe om røttene sine, sier Espen Ottosen. Boken Sendt – et portrett av Norsk Luthersk Misjonssamband – ønsker å bidra til det. Den lanseres under et seminar på GF.

Torleif Belck-Olsen har blitt ansatt som leder for skoleseksjonen i NLM Norge fra 1. august 2018. Han har tidligere blant annet vært rektor ved SETELA og Kvitsund gymnas.

På helgens hovedstyremøte ble det vedtatt at Hans Arne Sanna (38), som nå er regionleder i NLM utland, blir leder av avdelingen fra 1. august.

Dagens bibelsitat

Matt 10:32 Derfor, hver den som bekjenner meg for menneskene, ham skal også jeg kjennes ved for min Far i himmelen.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.