> NLM / Nyheter nlm.no / Hoppande glad på leir i Abidjan



Hoppande glad på leir i Abidjan

Alle foto: Mona Heng

Litt regn gjer ikkje noko, når man kan kose seg med songar, leik, mat og filmar om Bibelen – på leir i Elfenbeinskysten!

Ein godt bulka buss, med ei ytterdør som må haldast igjen frå innsida, er no fullstappa med rundt 30 glade, fornøgde og syngjande ungar. Dei er på veg heim etter ein lang formiddag med leirprogram.

Trass i været, som gjorde at me måtte halde oss innandørs, var det god stemning og mykje latter på leiren.

       

Songar om Jesus

Den same bussen kom til kontoret klokka 10 på formiddagen, etter å ha vore innom kyrkja og henta mange spente ungar. Me starta med å syngje songar. Songar om å følgje Jesus, om lokomotivet som har starta og er på veg til Paradis, om Jesus som elskar alle, både dei aller minste og dei aller høgste, både unge og gamle.

Deretter satt me og høyrde på ei forteljing om då Maria og Josef fekk ei forvandlande nyhende. Nyhenda om det vesle Jesusbarnet som kom til å bli født!

Eg syns ungane sat ganske så stille under denne forteljarstunda, nokre av dei hadde høyrt det før og kom med innspel til historia. For å visualisere det dei nettopp hadde høyrt vart det vist ein film om Maria, Josef og det vesle Jesusbarnet som vart født i Betlehem. Dei knaska fornøgd på popkorn medan dei sat spreidde utover på mattene på golvet.

   

   

Mat og barne-tv

Då klokka passerte 12 sat mange fornøgde ungar igjen på dei same mattene, men denne gongen med middag servert på plasttallerkar liggjande framom seg. Lydnivået sank betrakteleg då alle endeleg hadde fått kvar sin tallerk med igname og kjøttsaus – eit teikn på at maten smaka godt!

    

Etter ein herleg lunsj sat ungane fornøgde og glade på plassane sine, dermed var det eit godt høve til å vise dei nokre filmsnuttar om Mawa og Boulama frå Elfenbenskysten. To ungar som bur i ein landsby og går på søndagsskule der dei får høyra spanande historier frå Bibelen, historier som har nytte sjølv i landsbykvardagen.

Filmsnuttane vart godt likt av ungane, spesielt sidan det tek plass i kjente omgjevnader og fordi to av deira gode vener, eit søskenpar blant søndagsskuleflokken, er dei som spelar inn stemmane til hovudpersonane. Dei ropa begeistra ja og nikka energisk på hovuda sine då det vart spørsmål om dei ville sjå ein til filmsnutt om Mawa og Boulama.

     

  

Mykje leik

Då dei korte filmsnuttane var ferdige å visast var det godt å igjen få strekkje seg litt, hoppe og danse litt medan songane igjen ljoma. Igjen song me songar om Jesus som elskar oss alle, om toget som er på veg til Paradis og andre kristne barnesongar.

Ein gong i løpet av dagen hadde me litt leik og aktivitetar. Det var ei utfordring å organisere og forklare reglar på grunn av språkbarrieren, men danseleiken vart ein stor suksess – dermed hoppa og dansa dei med til sveitten rant. Ute var det regn og inne vart det klamt, men energinivået haldt seg høgt likevel!

    

  

Slitne og fornøgde

På ettermiddagen, når det lei mot avslutninga av leiren vart det endeleg klarvær ute. Dermed var det ein sliten gjeng som satt seg i bussen på veg heimover på slutten av dagen. Ein gjeng som nettopp var ferdige med å springe rundt huset, inn i huset, ut av huset og litt her og der på leiting etter ein av leiarane som hadde gøymt seg så altfor godt!

«Hade», ropar eg og vinkar til bussen som køyrer sin veg, med ungane syngjande i setene. Det er ein flott gjeng med ungar som Gud har kalla på til å vere med på leir!


Sentral-Asia

I Sentral-Asia er det krevende å drive misjon. Kristne lever under svært vanskelige forhold i et samfunn hvor myndighetene kontrollerer det meste.

Les mer | Bli fast giver

13. desember fikk Shayesteh Rostami (37) og datteren Selina (8) oppholdstillatelse i Norge. Nyheten oppleves som et bønnesvar både av dem selv og av støttespillere i Drammen og på andre steder. 

Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) har kjøpt 1200 kvadratmeter av et kjøpesenter på Løkkemyra i Kristiansund. Én tredjepart blir forsamlingssal, og to tredjeparter blir gjenbruksbutikk.

En svært stor andel av de ansatte i NLM opplever å ha en meningsfull arbeidshverdag, viser arbeidsmiljøundersøkelsen 2017. – Men vi kan alltid bli bedre, sier Kari Margrethe Solvang, leder for personalavdelingen ved NLMs hovedkontor.

Dagens bibelsitat

1Kor 12:26 Om ett lem lider, da lider alle lemmene med. Og om ett lem blir hedret, da gleder alle lemmene seg med.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.