> NLM / Nyheter nlm.no / Pangstart for la profesora!



Pangstart for la profesora!

Marianne saman med elevane på bibelskulen. Foto: privat

Etter 7 månader i Peru er la profesora Thormodsæter klar til dyst på bibelskulen på SETELA. Klarar ho 100 minutt med monolog på spansk? Og reddar selfiestanga dagen?

Klokka er 05:30. Eg drar meg ut or senga og klarer ikkje heilt glede meg over dagen som endeleg er her.

Etter om lag ein time hiv eg meg på sykkelen og prøver å sykle så fort som råd opp dei lange bakkane til SETELA (den teologiske institusjonen som NLM har i Peru).

  

Ut i arbeidslivet

Det er tid for første skuledag på Bibelskulen som er på SETELA. Og det er på tide å kaste seg skikkeleg ut i arbeidslivet.

Uansett kor mykje eg likar å tru at eg er eit A-menneske, så syns eg det er tidleg at andakten på skulen kvar dag byrjar kl. 07:30. Men det er vel slik det harde arbeidslivet er.

  

Etter å ha vore 7 månadar i Peru, skal eg, tydelegvis, vere klar for å setje i gang med undervisning. Og dette, to ganger i veka.

Då eg fekk vite at kvar «undervisningstime» var på 100 minutt, tenkte eg « kva i all verda gjer ein på i 100 minutt? Eg er ikkje såå god i spansk at eg er gira på monolog i 100 minutt!»

  

Den kule læraren

Men, kl. 08 denne dagen, så var eg visst klar for dette eventyret av eit bibelskuleår og undervisningsår som skulle byrje.

Som alle kule lærarar og teologar, tenkte eg at det sikkert ville vere kult å ta med selfiestanga, som eg på mystisk vis plutseleg enda opp med å kjøpe, for å slå til med ein selfie. Kva er vel gøyare enn ein selfie kl. 08:00 om morgonen?

Det var tydelegvis mange ting som ville vere gøyare, men dei blei med, truleg for å glede den nye profesoraen sin.

  

Selfie med elevane

  

For å ikkje føle at eg hadde sløst bort 100 minutt av liva deira, spurde eg dei forventningsfult på slutten av timen: «har de lærd noko?»

Alle nikka forsiktig. Om dei lærde noko den første dagen eller ikkje, det er eg usikker på, men eg forstod vertfall fort at det er mogleg å gjennomføre 100 minutt med undervisning.

(Til alle som lurer på om det var monolog i 100 minutt, kan eg forsikre om at det var ein ok mengde gruppearbeid der òg.)

    

Herleg gjeng

No, om lag ein månad seinare, har me rundt 12 elevar på bibelskulen dette året. Dei er frå Peru, Bolivia og Ecuador. Og for ein artig gjeng det er!

Nokre av dei har akkurat blitt kristne, nokre har vore kristne ei stund, og nokre har vore kristne lenge. Felles for alle er at dei ynskjer å lære meir, dei ynskjer å bli betre kjend med Han dei trur på!

Eg er spent på kva året vil bringe - om me som jobbar der klarer å lære dei noko, klarer å vere delaktige i liva deira, klarer med våre liv å peike på Jesus.

Men éin ting veit eg, me klarer det ikkje dersom me ikkje er i bønn om at Han som er trufast og verksam, virkar i liva våre og i liva til elevane!


Norge

I Norge driver NLM et stort og variert arbeid over hele landet. I dag satser vi også mer og mer på flerkulturelt arbeid.

Les mer | Bli fast giver

En flyer fra Ahmadiyya Muslimsk Trossamfunn med kontaktinfo til «Kristiansand Misjonshus» har skapt forvirring blant støttespillerne til NLMs «Misjonshuset i Kristiansand».

Da kenyanere gikk til valg 8. august var det forventet et jevnt resultat. Sittende president Kenyatta ble erklært vinner, men opposisjonen hevder at de vant ved valgfusk.

I slutten av september innbyr NLM region øst til mannsweekend – med og uten gevær – i Gudbrandsdalen.

Dagens bibelsitat

Matt 11:29 Ta mitt åk på dere og lær av meg, for jeg er nedbøyd og ydmyk av hjertet. Så skal dere finne hvile for deres sjeler.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.