> NLM / Nyheter nlm.no / Samfunnsendring gjennom læringssenter



Samfunnsendring gjennom læringssenter

Ill.foto: Pexels.com

I Sentral-Asia gjeld det å vere kreativ i måten ein driv arbeidet på. NLM er no involvert i å etablere eit førskule- og familieprosjekt som vil gjere det lettare å komme tettare på lokalbefolkninga.

For NLM i Sentral-Asia er det viktig å møte menneske og å skape arenaer for relasjonsbygging.

Gjennom å møte menneske med kristne verdiar og haldningar, håper NLM sine utsendingar og dei lokale medarbeidarane våre å skape varige samfunnsendringar.

    

Opplæring og omsorg for born

NLM er no med på å skape eit nytt læringssenter i byen kor vi arbeidar. Dei fleste av formalitetane er på plass, og ein leiter no etter ein passande lokasjon for dette senteret.

– Det er viktig at born får god opplæring før skulestart i dette landet, fortel «Esther», ein av våre lokalt tilsette. – Det er eit ikkje-uttalt krav at borna skal ha lært seg grunnleggande lesing og skriving før dei startar skulen. Difor ynskjer me å etablere ein førskule, der born skal få god opplæring og omsorg, fortset ho.

   

Eit av måla er å tilby godt pedagogisk opplegg. Ein av metodane dei ynskjer å bruke er eit opplegg dei har funne i Russland – legomodellering.

– Dette er eit pedagogisk opplegg me har stor tru på. Gjennom legobygging vil borna lære seg logikk, problemløysing og samarbeid, fortset ho.

    

Arena for vaksne

Ein viktig del av dette prosjektet er å skape ein arena der vaksne kan samlast.

Det er ofte foreldre eller besteforeldre som følger borna til førskulen. Oftast er det ikkje noko tilbod for desse medan dei venter på borna.

Her ligg det eit stort potensiale, og prosjektet treng både forbøn og økonomisk støtte.

– Me ynskjer å etablere fleire tilbod for dei vaksne. Dersom dei vaksne trivst, vil dei også lettare sende borna på førskulen. I tillegg er det viktig for oss å kunne påverke foreldre, og gje dei gode verktøy for sunn oppseding, seier Esther.

    

Tettare på dei lokale

Det ligg mange moglegheiter i eit slik senter, moglegheiter som gjer at ein kjem tettare på lokalbefolkninga.

– Me har vært inne på tanken at det ville vere fint med treningsklasser og kafé, seier Esther. – Om fem år håper me at senteret er ein naturleg samlingstad for born og vaksne. Ein plass der mennesket og menneskeverdet står i sentrum. I tillegg ynskjer me å utvide konseptet, slik at det også blir etablert liknande senter i andre byar, avsluttar Esther.

   

Ver med i arbeidet!

NLM sitt arbeid i Sentral-Asia er krevjande. Både utsendingar og lokale kristne møter monge utfordringar i kvardagen. Ver med og be for dei!

Vil du støtte dette arbeidet?

  


Stor-Kina

I mange år opplevde kristne i Kina forfølgelse, og det kan fortsatt være krevende å følge Jesus i dag.

Les mer | Bli fast giver

Ny NLM-bok kommer til salgs under GF. Boken løfter fram ærlige og åpne fortellinger fra NLMs fortid og nåtid.

Fire av sju stoler blir ledige i NLMs hovedstyre i sommer, og skal fylles gjennom valg under generalforsamlingen. I tillegg skal det velges fire varamedlemmer. Her kan du bli bedre kjent med kandidatene.

Misjonssambandet ønsker at første pinsedag – 20. mai – skal være en dag med forbønn for folkegrupper som ennå ikke har hørt evangeliet.

Dagens bibelsitat

Jak 1:26 Den som mener at han dyrker Gud, og ikke holder sin tunge i tømme, men bedrar sitt eget hjerte, hans gudsdyrkelse er forgjeves.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.