> NLM / Regioner / Region Midt-Norge / Nyheter / Regionutsyn
Her finner du viktig informasjon til foreninger.
Her finner du snarveier til viktige dokumenter.
Olav Vestbøstad <ovestbostadSPAMFILTER@nlm.no>
Åpne og inkluderende fellesskap er temaet for lederartikkelen i årets første RegionUtsyn.
Digital versjon av årets første nummer av Utsyn med regionssider kan lastes ned her.
Kva assosiasjonar får du når du høyrer ordparet «open og inkluderande»? Eg tenkjer ofte på dette ordparet saman med ordet «folkekyrkje». Då får eg gjerne litt negative assosiasjonar og tenkjer på ei kyrkje som ynskjer å romma alt og alle. Eg tenkjer at det fører til ei utvatning av læra og nedvurdering av lærespørsmål. Likevel skulle eg ynskja at det var slik at «open og inkluderande» også var adjektiv som raskt kom fram når ein skulle skildra Misjonssambandet og fellesskapa våre.
I seinare tid har eg i fleire og uavhengige samanhengar fått høyra at det er personar som i møte med ei Misjonssambands-foreining eller forsamling har opplevd at ein ikkje blir møtt på ein positiv måte. Kvar einaste gong eg høyrer noko slikt blir eg trist.
Me er no i starten på eit nytt år. I dette regionbladet set me fokus på behovet for gode fellesskap. Kva type fellesskap er det du lengtar etter? Eg for min del lengtar etter fellesskap som både er opne og inkluderande. I slike fellesskap er det godt å vera gjest og det er godt å høyra til. Eg trur det er fullt mogleg å vera open og inkluderande og samtidig ha sterk bevissthet rundt læra. I slike samanhengar vert ikkje spørsmål farlege. Det er rom for å stilla ærlege og sanningssøkjande spørsmål. Kanskje er det ikkje lett å finna fasistsvar på alle spørsmål, men i samtale med andre over ein open bibel kan me komma nærare sanninga.
Eg lengtar etter fellesskap som hjelper meg til å leva ut trua mi i kvardagen. I eit slikt fellesskap går det an å vera ærleg i møte med utfordringane som dukkar opp i dagleglivet. I medvandring med andre kan eg få hjelp og gi hjelp, alt etter situasjonen.
Eg lengtar etter å vera med i eit fellesskap som betyr noko for andre. Misjonssambandet har «Verden for Kristus» som sitt motto. For meg betyr det at våre fellesskap må ha eit engasjement som går ut over oss sjølv. Det hjelper meg til å bry meg om medmenneske i andre delar av verda. Gjennom å støtta utsendingane våre og dei prosjekta dei driv, er eg med på å gi håp til andre. Den same haldninga bør eg og ha i møte med menneska eg møter i min kvardag.
Jesus viste oss korleis me skal møta andre menneske. Kan me praktisera meir av hans sinnelag i vår organisasjon? Eg veit at eg sjølv har mykje å læra av han. Kanskje kan me i fellesskap hjelpa kvarandre til ei opnare og meir inkluderande haldning i møte med nye menneske?
Olav Vestbøstad, Regionleder.