Skuleåret er over, og avgangsklassane på NLM sine vidaregåande skular har i år som i fjor samla inn store summar til sine misjonsprosjekt.
Fleire av skulane melder om auke i gåvene, og fleire har enno ikkje fått heilt eksakte tal etter innsamlinga dette skuleåret. Til saman har over 4 millionar kroner kome inn etter ei førebels samanrekning. Dei fleste skulane melder at dei ventar noko høgare tal enn dei informerer om.
På Tryggheim vidaregåande skule har russen og elevrådet kvart sitt misjonsprosjekt, til henholdsvis Etiopia/Filipinene og Elfenbenskysten. Russen valde å gje halve summen til Rachel Trovi sitt prosjekt i slummen i Filipinene, og halve til eit NLM-prosjekt i Etiopia. Til saman fekk dei inn 679 430 kroner.
"Til saman har over 4 millionar kroner kome inn"
Drottningborg vidaregåande skule fekk inn heile 757 564 kroner til ulike prosjekter i Pokot, Kenya. Lundeneset fekk inn 660 000 kroner, Kvitsund har eit førebels tal på kring 500 000, Kongshaug Musikkgymnas ligg kring 290 000 kroner, og Val vidaregåande skule på 82 500 kroner. Vestborg nådde målet på 263 000 kroner, og fekk i tillegg inn heile 92 800 kroner som dei valde å gje til skulen. Det har ikkje lukkast å kome i kontakt med Nordborg vidaregåande skule.
– Heile 410 000 kroner kom inn til Sygnarussen sitt misjonsprosjekt dette skuleåret, der Mongolia har stått i fokus. Prosjektet har vore tredelt, med ein førstedel som har gått ut på å gje tryggare oppvekst for mongolske born og fremja rettane deira, samt å betra livssituasjonen for utsette born i hovudstaden Ulaanbaatar og Khovdfylket vest i landet.
"Støtte til misjonsflyging til og frå byen Khovd..."
– Andre delen har handla om kurs for legar og sjukepleiarar i primærhelsetenesta i dei to fylka Khovd og Govi Altai, medan tredje delen er støtte til misjonsflyging til og frå byen Khovd i Vest-Mongolia, der NLM etablerte seg i 2008 for å driva helseprosjekt. Målet for innsamlinga var 325 000. Overskotet valde russen å gi til Sygna, skriv Kjell Helland i ei pressemelding frå skulen.
Det er ikkje berre NLM sine eigne skular som bidreg. I år har Framnes Kristne vidaregåande skule som er eigd av Indremisjonsforbundet samla inn 600 000 kroner til NLM-prosjekt. Danielsen vidaregåande skule, deleigd av NLM og Indremisjonsforbundet sette seg som mål å samle inn 302 000 kroner.
Denne saken er henta fra Utsyn.no
Av Silje Måseide
Foto: Hans Vidar Levinsen