> TeFT familie / Nyheter / TeFT familie på rekognoseringstur...



TeFT familie på rekognoseringstur til Pokot

Alle foto: Geir Magne Engås/privat

Geir Magne Engås frå bibelskulen TeFT familie i Kenya har besøkt NLM sitt gamle arbeidsområde i Pokot. Han møtte ei levande kyrkje med varme menneske som brenn for evangeliet.

Som nytt leiarpar på TeFT familie har vi hausten til å planlegge neste innrykk av familiar 1. januar 2019. Ei av undervisningsvekene er sett av til misjonstur. Fleire familiar reiser ilag til ulike områder i Kenya der NLM har eller har hatt arbeid.

Ei av gruppene reiser til Pokot, eit unikt område i norsk misjonshistorie. No tek eg turen ilag med stadleg representant Kristoffer Krohn Sævre for å sjå området og treffe dei kristne i Pokot. Eg gler meg!

   

Grytidleg avreise

Sola har enno ikkje stått opp. Eg listar meg ut av huset utan å vekke resten av familien. På parkeringsplassen skimtar eg Kristoffer i lyset frå lommelykta. Vi legg inn bagasjen og køyrer mot porten, helsar på vakta og svingar nordover.

Køyreturen til Pokot tar omlag åtte timar frå Nairobi, på stort sett veldig fin veg. Skulle det bli utfordrande strekningar, vil nok Land Cruiseren takle det også. Kristoffer er mykje på reise og kjenner både språket, geografien og kulturen godt.

     

 

Misjonseventyr

På vegen fortel Kristoffer at arbeidet i Pokot er eit eventyr i NLM si misjonshistorie. Dei første misjonærane kom til området i 1977. Arbeidet starta i Chesta og fortsette i Chepareria, Sekerr, Kapenguria og Kongelai.

I 1978 vart den første pokoten døypt. Sidan dette har kyrkja vekst, og i dag er det omlag 13 000 vaksne medlemmar. Framleis blir mange nye lagt til kyrkjelydane.

Eg kjenner at eg gleder meg til å sjå området og helse på det vennlege Pokot-folket.

   

  

Frodig og spennande

Etter nokre timar køyring har vi lagt både Naivasha og Nakuru bak oss. No ser vi flotte fjell og dalar komme til syne. Det er eit frodig landskap med store akasietre som breier seg utover og gir mykje kjærkomen skugge. Nokre av trea heng også delvis over vegen.

I vegkanten er der mange salsbodar, vi er tydelegvis i jordbruksland. Her kan ein få kjøpt flotte gulrøter, tomatar, rabarbra og poteter.

Vi nærmar oss Pokot og bibelskulen i Kapenguria der vi skal bo. Anledninga er årsmøte i North West Diocese (bispedømme i Pokot).

Etter 2012 har ikkje NLM eller søsterorganisasjonen på Island hatt misjonærar stasjonert fast i Pokot. Den nasjonale lutherske kirka har tatt over arbeidet og skal drive det vidare. Slike prosessar er alltid vanskeleg, seier Kristoffer. Men han påpeikar at NLM framleis er med som ein støttande partner. Han er no spent på å møte leiarane, prestane og evangelistane for å høyre status.

   

 

Vakkert område

Etter ein fantastisk tur med mange naturopplevingar svingar vi inn på tomta til bibelskulen i Kapenguria. Kristoffer er tydelegvis ein kjend person her oppe. Folk kjem og helser på oss, og vi får sjå huset vi skal bu i.

Vi har litt tid før middag og kveldsmøte, så vi tar ein tur til eit utkikkspunkt. Ei fantastisk utsikt møter oss, og Kristoffer peiker på fleire av dei plassane NLM har hatt sitt arbeid. Eg kjenner eg gleder meg til å få ta med TeFT-familiane hit og besøke nokre av dei plassane som vi ser utover sletta under oss.

  

   

Stort oppmøte

Tilbake på bibelskulen ventar middagen på oss. Ris, kylling og chapati er ikkje feil etter ein lang dag i bilen. Så er det tid for kveldsmøte. Eg har spurt Kristoffer kor mange det er som kjem på dette årsmøtet, og har fått til svar at vi kanskje blir femti.

Men når vi kjem bort til teltet som er sett opp, høyrer vi song og god stemning. Over 300 personar har tatt turen til Kapenguria! Det viser seg at det er sju representantar frå førti kyrkjeområder som har blitt invitert. Vi blir ønska varmt velkomen og må sjølvsagt introdusere oss og komme med ei helsing. Eg stotrar fram ei lita helsing på Swahili til stor jubel og respons.

 

 

Møtet varer utover kvelden med mykje song, vitnesbyrd og nattverd. Når eg legg meg den kvelden, kjenner eg meg velsigna over å ha møtt desse flotte folka. Gleda over evangeliet står sterkt her i Pokot, og dei har eit brennande ønske om å få dele denne frigjerande bodskapen med så mange som mogleg.

   

 

Glade i kvarandre og i Jesus

Neste dag er det årsmøte. Det startar klokka åtte om morgonen og varer til klokka halv elleve om kvelden. Alt går på Swahili og er vanskeleg å forstå, men ein ting forstår eg: Folket i Pokot er glade i kvarandre og glade i Jesus.

Det er ein lang dag med mange viktige saker, men latteren og songen sit laust. Når vi reiser ifrå Pokot, sit vi igjen med ei god kjensle. Ei kjensle av at evangeliet framleis vil ha framgang i Pokot, for der Jesus får vere i sentrum, vil menneske og samfunn forvandlast.

Det er nettopp dette vi vil for TeFT familie også, at opphaldet i Kenya vil føre til fornying og ein ny brann etter å fortelje vidare det vi har sett og høyrt.

 


Reklamevideo

Today's Quote

Ord 22:6 Lær den unge den veien han skal gå! Så viker han ikke fra den når han blir gammel.

Share


This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.